Løyve til regulering av Haugevatnet og Bjunes kraftverk
Bjunes kraftverk vil få ein årleg produksjon på ca. 5 GWh og med det forsyne om lag 250 husstandar med straum. Kraftverket er planlagt med installert effekt på 1,4 MW. Utbygginga vil nytte eit fall i Haugåna på 282 m og ei elvestrekning på om lag 1,2 km vil få redusert vassføring. Haugevatnet vil bli regulert mellom kote 402,1 og kote 402,4, medan det var søkt om 0,7 meter regulering. Reguleringa er redusert for å redusere ulemper knytt til gytehøva for fisk og for landskapet.
Frå inntaket i Haugevatnet skal vatnet førast i tunell og sjakt ned til kote 170. Frå kote 170 til kraftstasjonen vert vatnet ført i nedgrave røyr. Det vert behov for 40 m ny veg som tilkomst til kraftstasjonen, samt opprusting av allereie eksisterande skogsveg fram til start på tunell. Ovanfor tunellpåhogget skal anlegget byggjast veglaust.
Av omsyn til naturmiljøet er det gjeve løyve mellom anna på vilkår av at det vert sleppt ei minstevassføring frå Haugevatnet på 30 l/s gjennom året i søndre løp og 10 l/s gjennom året i nordre løp.
I sum vurderer NVE at nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Bjunes kraftverk på fastsette vilkår.
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Saksbehandlar Dag Kjellevold, tlf. 22 95 94 56
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at kraftsituasjonen er innenfor det normale7.8.2025 12:33:23 CEST | Pressemelding
NVE forventer at det vil være tilstrekkelig tilgang på kraft gjennom vinteren. Den samlede magasinfyllingen i Norge er omtrent på normalt nivå. Kraftsituasjonen i Sørvest-Norge er også innenfor normalen, selv om magasinfyllingen er lav for årstiden.
NVE samarbeider tettere med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg5.8.2025 12:01:10 CEST | Pressemelding
NVE har inngått avtaler med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg. Målet er å sikre at de kan opprettholde sine samfunnsoppgaver best mulig i situasjoner med energiknapphet eller kraftrasjonering.
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom