Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Fagerbakken kraftverk

6.5.2011 09:00:16 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding

Del
NVE gjev Siso Energi AS løyve til bygging av Fagerbakken kraftverk i Sørfold kommune i Nordland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 15 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 750 husstandar.

Kraftverket er planlagt med installert effekt på 4,9 MW. Utbygginga vil nytte eit fall i Fagerbakkelva på 426 meter, med inntak på kote 501 og kraftstasjon på kote 75. Ei elvestrekning på omlag 2,1 kilometer får redusert vassføring. Vatnet skal førast i tunnel frå inntaket til kraftstasjonen. Det vert behov for å byggje ein ca. 2,7 kilometer lang veg til kraftstasjonen og ca. 250 meter veg til inntaket.

Utbygginga vil gje nokre negative verknader for landskap, friluftsliv og reindrift, og etter NVE sitt syn er det særskilt vegen som bidreg til dette. NVE meiner at ein betre tilpassa vegtrasé bøtar noko på dei største negative verknadene. Av omsyn til vassdragstilknytta flora og fauna har NVE stilt krav til slepp av minstevassføring både sommar og vinter. NVE meiner at 70 l/s i perioden 1.5-30.9 og 15 l/s resten av året er tilstrekkeleg på utbyggingsstrekninga. NVE har  ikkje tillete vasstandsregulering i inntaksdammen, då vi meiner det vil vere negativt for aurebestanden i elva nedstraums kraftstasjonen.

I sum vurderar NVE at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Fagerbakken kraftverk på fastsette vilkår.

Meir om løyve til Fagerbakken kraftverk

Kontaktpersonar:

Seniorrådgjvar Gry Berg, tlf. 22 95 92 20
Førstekonsulent Asgeir Vagnildhaug, tlf. 72 89 65 98

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE publiserer ny nettside for vannkraftdata25.2.2026 08:30:00 CET | Pressemelding

Norges vassdrags- og energidirektorat lanserer en ny nettside med oppdaterte nøkkeltall for norsk vannkraft. I den forbindelse har NVE også beregnet det teknisk-økonomiske potensialet for ny vannkraft, til om lag 20 terrawattimer og 21 gigawatt. Dette er et anslag av potensialet før det er gjort grundige vurderinger av konsekvenser for miljø, samfunn og kapasitet i nettet. Det realistiske potensialet er derfor betydelig mindre.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye