Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Folkemøte om Dalsbotnfjellet vindkraftverk og Sandøy vindkraftverk

Del
NVE har fått inn meldingar om planlegging av to vindkraftverk i Gulen kommune i Sogn og Fjordane, og arrangerer folkemøte om prosjekta på Eivindvik Fjordhotell, torsdag 19. mai kl. 19.00.

Zephyr AS planlegg eit vindkraftverk beståande av 50-60 vindturbinar i eit 25 km2 stort område ved Dalsbotnfjellet. SAE Vind planlegg eit vindkraftverk beståande av om lag 40 turbinar på Sandøy i eit planområde på ca. 14 km2 .

På møtet vil NVE gjere greie for sakshandsamingsprosessen, og aktørane vil være tilstade og presentere dei ulike vindkraftprosjekta.

Meldingane, med forslag til utredningsprogram, er lagt ut på høring. Fristen for å komme med merknader er 30. juni 2011 .

Ein kan laste ned meldingane for Dalsbotnfjellet vindkraftverk og Sandøy vindkraftverk  på www.nve.no . Dei er og lagt ut til offentleg gjennomsyn hjå Gulen kommune.

Kontaktpersonar:
Seksjonsjef Arne Olsen, tlf. 22 95 92 27 /915 48 387
Rådgjevar Tale Helen Seldal, tlf. 22 95 94 51

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye