NVE gir løyve til småkraftverk i Meldal i Sør-Trøndelag
Utbygging av Skjerva kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av fornybar energi. Kraftverket vil også bidra til lokal verdiskaping.
Tiltaket er planlagt i elva Mosbryndskjerva, med inntak ved 389 moh. og kraftstasjon ved 137 moh. NVE har fastsett ei minstevassføring på 90 liter i sekundet i sommarsesongen og 50 liter i sekundet resten av året.
I vurderinga av søknaden har NVE lagt vekt på verknadane for naturmangfold, nærare bestemt naturtypen bekkekløft og anadrom fisk. Bekkekløfta har kun lokal verdi og NVE meiner det i tilstrekkelig grad kan sikrast med fastsett slepp av minstevassføring.
Nedanfor kraftstasjonsområdet finst det ein anadrom strekning på ei halv kilometer, men denne vil etter NVEs vurdering ikkje bli vesentleg råka av kraftverket, dersom det vert sett inn mildnande tiltak, som omlaupsventil i kraftverket. Mosbryndskjerva ligg i Trollheimen reinbeitedistrikt, og det er vurdert at kraftverket kun i liten grad vil gå ut over reindriftsinteressene.
Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane ved ei utbygging er større enn skadane og ulempene for allmenne og private interesser, og gir difor løyve til bygging av Skjerva kraftverk.
Les meir om Skjerva kraftverk på nve.no
Kontaktpersonar:
Saksbehandler Mathilde Berg, tlf. 22 95 92 21
Seksjonssjef Øystein Grundt, 22 95 93 89/901 98 216
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom