Løyve til Liarelva kraftverk
Liarelva ligg på austsida av Matrefjorden og har utløp frå Liarvatnet. Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 2,7 MW, og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på 6,2 GWh.
Utbyggingsområdet frå sjøen og opp til kote 550 har ei jevn bratt stigning. Elvestrekninga er prega av bert fjell i dagen, og traseen for røyrgata vert dominert av mykje skredmateriale og blokkstein. Elva er ikkje synleg frå sjøen, og det er ikkje funne raudlista artar eller viktige naturtypar som vert påverka av utbygginga. Fjordlandskapet i utbyggingsområdet er gjeve middels verdi i fylkesdelplan for små vasskraftverk i Hordaland. NVE meiner røyrgata hovudsakeleg skal vere nedgraven, men på utsette delar av strekninga vil NVE vurdere om den kan liggje i dagen. Dette for å redusere inngrepet i landskapet. Andre negative verknader kan etter NVE sitt syn avbøtas gjennom slepp av tilstrekkeleg minstevassføring, og gjennom miljøtilpassing av dei planlagde inngrepa.
NVE meiner fordelane i høve til allmenne interesser er større enn skadane og ulempene ved å byggje kraftverket og gjev difor løyve til Liarelva kraftverk på fastsette vilkår.
Les meir om løyvet til Liarelva kraftverk på www.nve.no
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør Ingri Guren, tlf. 22 95 91 59
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at Insteelvane kraftverk ikkje krev ny konsesjon12.12.2025 12:09:37 CET | Pressemelding
Firdakraft ønsker å auke kraftproduksjonen i magasinområda til Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger kommune med nye Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå det eksisterande bekkeinntaket i Insteelva. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at planane ikkje er konsesjonspliktig.
NVE avslår søknaden om Tura kraftverk9.12.2025 14:31:28 CET | Pressemelding
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
NVE gir konsesjon til Nordvi solkraftverk i Innlandet9.12.2025 11:10:48 CET | Pressemelding
Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) gir Solgrid AS tillatelse til å bygge Nordvi solkraftverk. Anlegget skal bygges langs E6 i Stange kommune.
NVE anbefaler ikke å gi unntak for kravet om åpning av areal for GoliatVIND i Barentshavet9.12.2025 10:55:57 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Energidepartementet ikke gir unntak for kravet om åpning av areal for havvindprosjektet GoliatVIND i Barentshavet. NVE setter konsesjonsbehandlingen av prosjektet på vent.
NVE behandler flere konsesjonssaker4.12.2025 09:17:44 CET | Pressemelding
I løpet av årets første ni måneder har Norges vassdrags- og energidirektorat behandlet flere saker om kraftproduksjon enn i hele 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
