Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Folkemøte om oppgradering av kraftleidningane Samnanger - Øystese og Granvin - Voss

Del
NVE har motteke søknader frå BKK Nett AS om oppgradering av kraftleidningane Samnanger – Øystese og Granvin – Voss. Planane får verknader for Samnanger kommune, Kvam herad, Granvin herad og Voss kommune. NVE arrangerar offentlege møte om prosjekta 11. og 12. mars 2009.

 

BKK Nett AS søkjer om oppgradering av 132 kV-kraftleidningen Samnanger – Øystese og 66 kV- kraftleidningen Granvin – Voss. Det vert òg søkt om utviding av Samnanger og Evanger transformatorstasjon.

Søknadane er ute på offentleg høyring. I samband med den offentlege høyringa arrangerar NVE folkemøte kor NVE vil orientere om sakshandsaminga av søknadane. BKK Nett AS vil vere representert til stades og orientere om prosjekta.

Det blir folkemøte om kraftleidningen Samnanger – Øystese på Øystese ungdomsskule onsdag 11. mars kl 1900.

Folkemøte om kraftleidningen Granvin – Voss vert halde på Park Hotel Vossevangen torsdag 12. mars kl 1900.

Søknadane er lagt ut i dei aktuelle kommunane og herada, og er tilgjengelege elektronisk på www.nve.no/kraftledninger . Høyringsfråsegn kan sendast Noregs vassdrags- og energidirektorat, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo, innan 17. april 2009 .

Kontaktpersonar

Tormod Eggan, tlf 22 95 94 19

Lisa Vedeld Hammer, tlf 22 95 90 33

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye