Løyve til fem småkraftverk ved Fjærlandsfjorden og ny kraftleidning Fjærland - Grindsdalen
2.7.2009 09:00:09 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
Småkraft AS har søkt om løyve til å bygge fem småkraftverk ved Fjærlandsfjorden som etter omsøkt plan vil gje ein årsproduksjon på rundt 120 GWh. Eksisterande leidningsnett i Fjærland har for liten kapasitet til å mate inn krafta frå dei fem småkraftverka. Sognekraft AS har difor søkt om løyve til å bygge ein ny 132 kV kraftleidning frå Fjærland til Grindsdalen med ny transformatorstasjon i Lidal.
Hovudargumenta imot ein utbygging av småkraftverka i Fjærland er i hovudsak knytt til det totale landskapsbiletet, negativ verknad på opplevingskvaliteten i Fjærlandsfjorden som følgje av tekniske inngrep og redusert vassføring.
Småkraftprosjekta vil ha innverknad på fem av totalt 30 elver rundt Fjærlandsfjorden. NVE meiner det er mogeleg å gjennomføre alle dei omsøkte prosjekta, med tilhøyrande nett-tilknyting, utan vesentlege negative verknader for landskapsopplevinga i Fjærland. Føresetnaden er mellom anna ein god minstevassføring heile året, spesielt om sommaren, i tillegg til generelle krav til detaljplangodkjenning og landskapsmessige tilpassingar.
Det er gitt løyve på vilkår at heile vassvegen skal leggjast i fjell for Romøyri-, Lidal- og Hatlestad kraftverk og delvis i fjell for Berge/Bjåstad kraftverk. NVE krev at den nye kraftleidningen skal leggjast i kabel saman med vassvegen i fjell frå Lidal kraftverk og transformatorstasjon, og 200- 300 meter opp fjellsida.
Det er i hovudsak bygging av Lidal kraftverk, Romøyri kraftverk og ny 132 kV kraftlinje som vil føre til reduksjon av inngrepsfrie naturområde. NVE legg vekt på at områda i dag ikkje gjev inntrykk av å vere inngrepsfrie då kraftleidningar, hus og stålmaster set sitt preg på området. Dei omsøkte anlegga vil gjere at 17 km av dagens 22 kV-luftleidningar langs Fjærlandsfjorden og eit fjordspenn kan sanerast. NVE ser dette som positivt for landskapsbiletet.
NVE legg stor vekt på at utbygginga kan gje auka verdiskaping og positive ringverknader i lokalsamfunnet i tillegg til eit monaleg bidrag til ny fornybar energi, Ein 132 kV-leidning vil òg legge til rette for ei framtidig utnytting av vasskraftressursane i Fjærlandsområdet innafor miljømessig akseptable rammar.
NVE har pålagt at det skal sleppast ei heilårleg minstevassføring på alle utbyggingsstrekningane som er vesentleg større enn omsøkt. Pålagt minstevassføring vil redusere den årlege produksjonen med om lag 10 GWh, slik at gjennomsnittleg årsproduksjon vert rundt 110 GWh. Det svarar til den årlege straumbruken til omlag 5500 husstandar.
NVE vurderer at utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka er akseptabel i høve til allmenne og private interesser.
Meir om kraftverka på www.nve.no
Kontaktpersonar
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 22 95 90 88 / 416 78 203
Seksjonssjef Øystein Grundt , tlf. 22 95 93 89/90 19 82 16
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE fastsetter utredningsprogram for flytende gasskraftverk i Trøndelag12.6.2026 10:31:10 CEST | Pressemelding
Ocean Power AS ønsker å bygge et flytende gasskraftverk med karbonfangst i Nærøysund kommune. Nå har Norges vassdrags- og energidirektorat fastsatt et utredningsprogram som beskriver hvilke temaer som må utredes før de kan søke om konsesjon.
NVE fastsetter utredningsprogram for Garbergselva kraftverk12.6.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsatt utredningsprogram for det planlagte Garbergselva kraftverk i Selbu kommune. Programmet beskriver ulike temaer Clemens Kraft AS må utrede før de kan søke om konsesjon.
NVE gir konsesjon til Store Nøkleberg solkraftverk9.6.2026 13:50:35 CEST | Pressemelding
Energeia får tillatelse til å bygge Store Nøkleberg solkraftverk i Østre Toten kommune. Solkraftverket skal bygges for samdrift mellom energiproduksjon og landbruk.
NVE gjev løyve til å byggje transformatorstasjonar i Vik kommune8.6.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Statnett SF og Sygnir AS får løyve til å byggje to nye transformatorstasjonar ved Refsdal kraftverk i Ovrisdalen. Sygnir får òg løyve til å overta og byggje om eksisterande Hove transformatorstasjon, medan Statkraft Energi AS får løyve til å byggje nye kraftleidningar frå Hove, Refsdal og Målset kraftverk til dei nye stasjonane.
NVE i gang med skredsikring i Honningsvåg5.6.2026 09:54:01 CEST | Pressemelding
NVE har startet arbeidet med å sikre bebyggelsen i Honningsvåg mot snøskred og steinsprang. Prosjektet i Storfjellet over sentrum skal bedre sikkerheten for innbyggerne, og vil pågå over tre år. Dette er et av Norges største skredsikringsprosjekter.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
