Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Saltdalelva kraftverk

Del
NVE gjev Fjellkraft Saltdalelva AS løyve til å bygge Saltdalelva småkraftverk i Saltdalelva i Tromsø kommune, Troms. Kraftverket vil få en årleg produksjon på om lag 10,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 530 husstandar.

Saltdalelva kraftverk vil nytte eit fall på 205 m frå kote 238 til 33. Vatnet vert ført i nedgrave rør frå inntaket til kraftstasjonen.

Av omsyn til biologisk mangfald og landskapsinteresser, har NVE fastsett ei minstevassføring på 150 l/s i sommerperioden (1.5 – 30.9) og 50 l/s i vinterperioden (1.10 – 30.4).

Gjennom detaljplangodkjenning og oppfølging i byggetida vil NVE sjå til at landskapsinngrepa knytt til utbygginga vert avgrensa i størst moglig grad.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Les meir

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grund, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16
Førstekonsulent Heidi Kannick, tlf. 22 95 91 79

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye