Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Folkemøte om ny kraftleidning mellom Stryn og Hornindal

Del

Linja AS har søkt om løyve til å byggje ein ny kraftleidning mellom Tomasgard transformatorstasjon i Volda kommune og Bø transformatorstasjon i Stryn kommune. Noregs vassdrag- og energidirektorat har nå sendt saka på høyring, og inviterer til eit offentleg folkemøte i Stryn den 21. oktober.

Catchlight/NVE

Linja arbeidar med å auke kapasiteten i straumnettet i Nordfjord til 132 kV (kilovolt), noko som påverkar straumnett og transformatorstasjonar i regionen. 

I samband med høyringa av søknaden inviterer NVE til eit folkemøte i Stryn kommune. Målet er å informera om planane og opplysa om korleis folk kan sende inn fråsegner til søknaden. 

Dette søkjer Linja om 

På strekninga mellom Tomasgard transformatorstasjon i Hornindal og Geitskaret ønskjer Linja å bruke eksisterande trasé og eksisterande master. Vidare frå Geitskaret  og til Bø transformatorstasjon søkjer Linja om byggje ei ny leidning. Dagens leidning skal rivast når den nye er ferdigbygd.  

Linja søkjer samstundes om å byggje ein ny transformatorstasjon i Stryn, og gjere naudsynt spenningsoppgradering av transformatorstasjonane Drageset, Reed, Sandane og Tomasgard. Dei søkjer óg om å rive eksisterande 66 kV kraftleidning mellom Sandane og Øksenelvane transformatorstasjonar.  

Høyring og offentleg folkemøte 

NVE inviterer alle interesserte til eit offentleg folkemøte tysdag 21. oktober 2025 kl. 19.00 på Stryn VGS. På møtet vil NVE orientere om sakshandsaminga, medan Linja vil orientere om prosjektet. Alle er velkomne til møtet, og det vil vere moglegheit til å stille spørsmål om saka til Linja og NVE.  

NVE har sendt saka på offentleg høyring, og alle som har meiningar om saka kan gje uttale innan 12. november 2025. 

Fråsegner kan du sende via skjema for fråsegner som du finn på saka si nettside, via e-post til nve@nve.no eller i brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 Oslo. 

Spørsmål om søknaden?  

Spørsmål om NVE si sakshandsaming kan du få ved å kontakte NVE v/ Anne Marte Schei, tlf. 22959887 eller e-post amas@nve.no

Nøkkelord

Kontakter

Anne Marte Schei, sakshandsamar
E-post: amas@nve.no
Tlf: 22 95 98 87

Lenker

Om oss

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Slik vil klimapolitikken påvirke kraftforbruket og strømprisen16.10.2025 13:30:00 CEST | Pressemelding

I en ny rapport ser NVE nærmere på hvordan klimapolitikk vil påvirke kraftforbruket og strømprisene i Norge de neste ti årene. I NVEs langsiktige kraftmarkedsanalyse ligger det inne en samlet forbruksøkning på 23 TWh de neste ti årene. Med regjeringens klimaplan, som ble lagt fram sammen med gårsdagens forslag til Statsbudsjett, viser NVEs analyse at samlet kraftforbruk økes med ytterligere 4 TWh fram mot 2035.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye