Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge Åselva kraftverk

Del
NVE gjev løyve til å bygge Åselva kraftverk i Jølstervassdraget, Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 11 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 550 husstandar.
Kraftverket vil nytte eit fall på knapt 332 meter frå kote 552 og nesten ned til Jølstravatnet. Utbygginga vil endre naturleg vassføring på ei om lag 1800 meter lang elvestrekning som ligg i skogs- og beitemark.

Av omsyn til naturmiljøet er det gjeve løyve mellom anna på vilkår av at det vert sleppt ei tilsigsavhengig minstevassføring på 100 l/s i tida 1. mai – 30. september, og 25 l/s resten av året. Prosjektet fører til få permanente inngrep utover fråføringa av vatn i Åselva. NVE vurderer derfor utbygginga saman med avbøtande tiltak som akseptabel i høve til allmenne interesser. 

Meir om kraftverket på www.nve.no
For nærmare informasjon kontakt:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98 216
Senioringeniør Magne G. Verlo, tlf. 57 83 36 70, mobil 950 80 350

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye