Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge Ørtvann kraftverk

Del
NVE har gjeve MiljøEnergi Nordland AS løyve til heving og regulering av Østre og Vestre Ørtvann, og bygging av Ørtvann kraftverk i Rana kommune i Nordland. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 12 GWh, det svarar til straumbruken til rundt 600 husstandar.
Kraftverket vil nytte eit fall på 53 meter, frå Ørtvann og ned til Ranaelva. Frå inntaket i Vestre Ørtvann vil i hovudsak den gamle tappetunnelen nyttast som vassveg ned til kraftverket. Vestre og Østre Ørtvann vert søkt heva til kote 102 med ei regulering på to meter.

Det vert sett i gang overvaking av grunnvatnet før heving av Ørtvann. Gjennom ei gradvis heving og fortløpande målingar vil ein kunne avdekke om grunnvatnet vert påverka.

NVE ser at tiltaket vil ha positiv verknad i høve til landskap lokalt. Avbøtande tiltak som revegetering av området kring Vestre og Østre Ørtvann, og reetablering av tidlegare omlagde elvestrekningar inn til dei to vatna vil vere positivt i forhold til opplevinga av området og for fisk.

NVE meiner at ei utbygging som planlagt med avbøtande tiltak, vil bli akseptabel med tanke på allmenne og private interesser.

Meir informasjon om Ørtvann kraftverk

For meir informasjon kontakt:
Senioringeniør Morten H. Kielland, tlf. 72 89 65 78, mob. 911 40 079
Seniorrådgjevar Gry Berg, tlf. 22 95 92 20

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye