Norske isbrear fortset tilbakegangen
Vinteren 2006/2007 kom det meir snø enn normalt på breane. Sommaren var varmare enn normalt fram til slutten av august, men hausten kom tidleg med låge temperaturar og snøfall på breane allereie i slutten av august. Breane i Hordaland og Sogn og Fjordane fekk meir snø enn normalt medan sommaravsmeltinga var om lag som normalt slik at breane fekk positiv massebalanse. I Jotunheimen har breane vore om lag i balanse. Engabreen på Svartisen fekk meir snø enn normalt, men hadde og meir avsmelting enn normalt og enda opp med noke tilvekst. På Langfjordjøkelen i Vest-Finnmark var både snømengde og avsmelting normal og breen minka. Det vil seie at han fekk negativ massebalanse.
På tross av at dei fleste breane har lagt på seg det siste året, viser målingar av brefrontane at 24 av 28 målte brear har trekt seg tilbake. Tre brear er uendra, medan ein bre har gått litt fram sidan hausten 2006. Kjenndalsbreen, ein utløpar frå Jostedalsbreen, har trekt seg tilbake heile 182 meter. Dette er den største tilbakegangen målt på eitt år sidan 1940-talet. Briksdalsbreen, også den ein utløpar frå Jostedalsbreen, har trekt seg tilbake 58 meter, og er no heilt ute av Briksdalsvatnet. Begge desse breutløparane har trekt seg tilbake omlag 500 meter sidan 1999.
Frå rundt 1930 og utover 1950-talet minka breane i Noreg og brefrontane trakk seg tilbake. Tidleg på 1990-talet hadde fleire brear, spesielt langs kysten, markerte framstøyt. Dei siste 10 åra har imidlertid brefrontane igjen gått tilbake, og fleire av dei har ikkje vore så langt tilbake sidan etter den Vesle Istida som varte fram til rundt 1750. Dette gjeld til dømes Engabreen på Svartisen, Briksdalsbreen og Kjenndalsbreen på Jostedalsbreen og Rembesdalsskåka på Hardangerjøkulen. Breane i Jotunheimen, langs riksgrensa i Nordland, i Lyngen og Vest-Finnmark held òg fram å trekkje seg tilbake.
Meir om isbrear på: www.nve.no/bre og snøkarta på seNorge.no
Kontaktperson
Seksjonssjef Rune Engeset, mobil 990 38 868
Overingeniør Bjarne Kjøllmoen, mobil 418 59 053
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom