Løyve til Urdsdalselva kraftverk

Del
NVE gjev Vefsnkraft AS løyve til å bygge Urdsdalselva kraftverk i Vefsn kommune, Nordland. Årleg produksjon i kraftverket vert om lag 7 GWh noko som svarar til straumbruken til rundt 350 husstandar.

Urdsdalselva kraftverk vil nytte eit fall på om lag 185 meter over ei strekke på 2,5 km. Kraftstasjonen skal plasserast ved Vefsnfjorden nedanfor riksveg 78.

Av omsyn til landskapsinteresser og friluftsliv har NVE fastsett ei minstevassføring på 175 liter i sekundet om sommaren, og 50 liter i sekundet resten av året.

Løyvet føreset at røyrgatetraseen gravast ned og at vegen stengast for ålmenn ferdsel.

Med dei avbøtande tiltaka vurderer NVE utbygginga til å vere akseptabel i høve til allmenne interesser.

Meir om saka på www.nve.no

For meir informasjon kontakt:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Seniorrådgjevar Gry Berg, tlf 22 95 92 20 

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye