Full framdrift for Ringeriksbanen og E16 Skaret-Hønefoss: Siste traséval avklart
28.4.2016 10:49:28 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet går inn for å leggje Helgelandsmolinja til grunn for vidare planlegging av Ringeriksbanen og E16 på strekninga mellom Bymoen og Styggedalen i kommunane Hole og Ringerike. Med dette er traséen for heile strekninga mellom Sandvika og Hønefoss avklart.
- Dette er ei viktig avklaring for å sikre gjennomføringa av prosjektet. Nå starter arbeidet med statleg reguleringsplan, og vi vil leggje vekt på god dialog med kommunane i arbeidet framover, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.
Med ein avklart trasé er grunnlaget lagt for ein effektiv og føreseieleg planprosess. I det vidare arbeidet med reguleringsplanen vil det leggjast vekt på å finne relevante tiltak for å redusere skadeverknadene på natur- og landbruksverdiar, og for å redusere flaumrisikoen.
Forprosjekt som grunnlag for avgjerd om trasé
Samferdselsdepartementet bad 30. august 2015 etatane Jernbaneverket og Statens vegvesen om å starte formell planlegging av Ringeriksbanen og E16 Skaret-Hønefoss. På grunn av dei store kultur-, landbruks- og naturverdiane i området rundt Storelva og Steinsletta blei etatane bedne om å gjennomføre eit forprosjekt for å sjå nærmare på dei tre alternative traséføringane over høvesvis Helgelandsmoen, Busund og Monserud.
Jernbaneverket og Statens vegvesen leverte 4. februar i år forprosjektrapporten. Føremålet med utgreiinga har vore å avklare om tiltak som kan minske eller kompensere for skadeverknader, kan endre rangeringa av alternativa i forhold til dei tidlegare tilrådingane frå transportetatane. Statlege etatar og lokale styresmakter har vore involvert i arbeidet. Dei faglege vurderingane frå transportetatane er mellom anna at:
- Monserud-linja (4e) blir vurdert som den dårlegaste løysinga, både på grunn av kostnadsnivået og konsekvensane for landbruk og kulturmiljø.
- For Helgelandsmoen-linja (4f) er det større moglegheiter for å setje i verk tiltak som kan minske skadeverknadene for naturmangfald enn for Busund-linja.
- Helgelandsmolinja gir lågast kostnader av dei tre alternativa.
Der er lagt opp til ei samtidig utbygging av E16 Skaret-Hønefoss og Ringeriksbanen, med ambisjon om anleggsstart i 2019 og ferdigstilling i 2024.
For fleire opplysningar – sjå:
- Brev av 28. april 2016 frå Samferdaselsdepartementet til Jernbaneverket om trasévalg på delstrekning 4
- Animasjonsfilm av Jernbaneverket og Statens vegvesen som viser trasé
For meir informasjon – ta kontakt via:
- Pressevakta Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)
- Pressevakta i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, tlf.: 22 24 25 00 (måndag-torsdag kl. 09-17, fredag kl. 09-15)
Nøkkelord
Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Nye kontraktar sikrar at alle kan få lokalavisa i postkassa16.10.2026 13:00:19 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har sendt ut ein konkurranse om statleg kjøp av avisdistribusjon til postkasser på tysdagar, torsdagar og fredagar til område utan kommersielle avisbodnett.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Finnmark mandag 12. oktober9.10.2026 16:45:15 CEST | Presseinvitasjon
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Finnmark (Kirkenes) mandag 12. oktober.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Trøndelag fredag 9. oktober8.10.2026 11:33:02 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Trøndelag fredag 9. oktober. Veg, jernbane og mobilitetsløysingar i storbyområde er tema for dagen.
Statsbudsjettet 2027: Framleis høge ambisjonar for samferdsel7.10.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å løyve i alt 105 milliardar kroner til samferdsel i 2027. Mellom anna foreslår regjeringa å løyve 51,7 milliardar kroner til vegformål, 32,4 milliardar kroner til jernbana, 7,1 milliardar kroner til byområda og 3,4 milliardar kroner til luftfarten.
Regjeringen foreslår å heve aldersgrensen for bruk av elsparkesykler til 16 år5.10.2026 18:24:39 CEST | Pressemelding
Det har vært en kraftig økning i antall barn og unge som skader seg på elsparkesykkel. Nå ber vi Statens vegvesen sende på høring et forslag om å heve aldersgrensen fra 12 til 16 år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
