Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje øyve til Kvitfors kraftverk

Del
NVE avslår søknad om løyve til å bygge Kvitfors kraftverk i Kvitforselva i Narvik kommune i Nordland, grunna omsyn til landskap, friluftsliv og reindrift i eit område der det allereie er stor vasskraftutbygging.

Kvitfors kraftverk ville hatt ein årleg produksjon på om lag 17 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 850 husstandar.

NVE legg vekt på at Kvitfors kraftverk er planlagt i eit bynært friluftsområde som er i hyppig bruk, der Kvitforsen saman med fjellet «Den sovande dronning», er eit viktig landskapselement. Redusert vassføring vil gjere fossen mindre synleg i landskapet, og sannsynlegvis føre til at naturtypen «fosseeng» forsvinn. I tillegg legg NVE i avslaget vekt på den samla belastninga på Skjomen reinbeitedistrikt.

Les meir om bakgrunn for vedtaket på nve.no.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Rådgivar Kirsten Marthinsen, tlf. 22 95 92 34

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye