Høgskulen i Volda

– Vil ha Volda-studentar for å arbeide smartare

Del

Gjennom to dagar fekk studentar ved Høgskulen i Volda eit innblikk i kva praksismoglegheiter dei kan få gjennom regionen dei studerer i – og ikkje minst ei stadfesting på at kompetansen deira er etterspurd i arbeidsmarknaden.

Jan Thormodsæter, dagleg leiar i MAFOSS, snakka til studentane under POE-dagane ved Høgskulen i Volda.
Jan Thormodsæter, dagleg leiar i MAFOSS, snakka til studentane under POE-dagane ved Høgskulen i Volda.

Den to dagar lange samlinga var eit startskot for prosjektet «Praksis-Oppdrag-Entreprenørskap i medie- og kulturfag» (POE), som har fått løyvd fem millionar kroner frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Prosjektet er eit samarbeid MAFOSS (Maritim forening for Søre Sunnmøre), Møre og Romsdal fylkeskommune, Nordveggen, Sunnmøre Kulturnæringshage og Høgskulen i Volda (HVO). 

– Vi ønsker at studentane skal kome enda tettare på arbeidslivet og at praksisordningane våre kjem inn i meir ordna former, fortel førsteamanuensis Ivar John Erdal, som har det faglege ansvaret i prosjektet for HVO.

Les meir om POE-prosjektet her.

Betre praksis og meir oppdrag

Frå høgskulen er Avdeling for kulturfag og Avdeling for mediefag involvert. I første fase er tre studieprogram kopla på prosjektet: Friluftsliv og naturguideMedieproduksjon og PR, kommunikasjon media. Seinare i prosjektet vil også studia Design, kunst og handverk samt Master in media practices ta del. 

Hvis du vil se dette innholdet fra www.hivolda.no, gi ditt samtykke øverst på denne siden.Førsteamanuensis Ivar John Erdal leiar den faglege biten av prosjektet for HVO.

Prosjektet er lagt opp som ein tretrinns rakett.

– Først skal vi styrke samarbeidet med praksisfeltet, som vil seie arbeidsgivarar både i privat og offentleg sektor i regionen vår. Studentane skal få praksis som er relevant for deira læringsutbytte og arbeidslivet skal få dekka sine behov. 

– I trinn to vil vi teste ulike modellar for oppdragsverksemd, og forsøke å finne ut korleis studentar på best mogleg måte kan gjere oppdrag for reelle arbeidsgivarar. Vi ønsker å opprette ei side på veven der arbeidsgivarane kan legge ut ulike oppdrag som studentane kan ta. Det siste trinnet i raketten er å skape ei entreprenørskapseining som styrker medie- og kulturfaga sin relevans for arbeidslivet, forklarar Erdal om POE-prosjektet som skal halde fram ut år 2024.

Treng unge og kloke hovud

Relevans for arbeidslivet var mange av dei som snakka under samlinga for oppstarten av prosjektet, kalla POE-dagane, opptatt av. Studentar frå dei tidlegare nemnde studia var hovudmålgruppa for representantane frå offentleg og privat verksemd og tilsette frå høgskulen som heldt innlegg.

Jan Thormodsæter, dagleg leiar for MAFOSS, representerer maritime bedrifter på søre Sunnmøre, som i all hovudsak lever å lage båtar. Store båtar. Skip om du vil. Han er ikkje i tvil om posisjonen studentane han snakka til har.

– Vi er for eksempel avhengig av å finne smartare måtar å kommunisere at det er viktig å bygge båtar i Noreg. For å få til det treng vi dei unge og kloke hovuda dykk. Både til å skape gode strategiar for å kommunisere bodskapet vårt på og også i form av kommunikasjonsverkemiddel, som til dømes filmar, sa Thormodsæter til studentane, før han fortsette litt i same sporet:

–  Vi er ute etter å få til linken mellom de studentar og våre bedrifter, slik at vi saman kan jobbe smartare. De er unge og har framtida framfor dykk, ein del av oss ute i arbeidslivet begynner å bli gamle og treng friske pust, sa den daglege leiaren med eit glimt i auget.

– Start bedrift!

Også Erlend Krumsvik var med på å løfte fram studentane i sitt innlegg. Han representerer Sunnmøre Kulturnæringshage, er støtte for folk som ønsker å etablere en bedrift og er spesielt retta mot kreative næringar.

Krumsvik inviterte alle studentane som ønskte det til ein til ein-samtale med han. Fordi han var så sikker på at alle i salen var i stand til å starte opp ei bedrift og tene pengar på det.

– Mange av bedriftene rundt om kan ikkje det de kan og treng hjelp. De vil gjere bedriftene betre. Til dømes gjennom god kommunikasjon og reklame, slik at bedriftene når eit større marknad og aukar botnlina si.

Mange av dei som lukkast med ei bedrift, startar opp i studietida si, fortalde Krumsvik. 

– Eg oppfordrar alle til å prøve det. Ein treng ikkje å skulle leve av bedrifta når ein ferdig med studia. Men da sit ein i alle fall igjen med mykje nyttig erfaring og eit godt kontaktnettverk, som er gull verdt om ein skal søke seg jobb hos andre, sa Krumsvik.

Pssst! Høgskulen har eit eige emne som er midt i blinken om ein er nysgjerrig på å starte opp eigen bedrift: Entreprenørskap i kreative næringar

Lever av kontaktane frå studietida

Med det spelte han ball med Atle Vasbotn Remmereit, eigar av filmproduksjonsselskapet Oclin i Volda og tidlegare mediestudent ved høgskulen. Remmereit delte si historie der han etter å ha studert i Trondheim kom til Volda for å studere medieproduksjon.

«For å få tida til å gå», som Remmereit sjølv sa, melde han seg til eit lass av frivillige verv då han begynte å studere i heimbygda. Det har han ikkje angra eit sekund på. Det var gjennom X2 Festivalen, Rokken og Student-TV han fann Chris Håvard Berge som han i ettertid starta opp suksessbedrifta Oclin med.
 

Hvis du vil se dette innholdet fra www.hivolda.no, gi ditt samtykke øverst på denne siden.Gründer og tidlegare HVO-student Atle Vasbotn Remmereit.

I dag har dei fleire tilsette og oppdragsmengda over heile landet er stor. Dei fleste oppdraga kjem frå, ja nettopp, kontaktar dei to gründerane skaffa seg i studentmiljøet i Volda. 

– Både vi som starta opp bedrifta og dei vi har tilsett i ettertid har hatt ansvar for medieproduksjon under X2 Festivalen. Det leiarvervet er nesten symptomatisk med jobb hos oss, humra Remmereit.

Oppfordringa hans var dermed klar:

– Engasjer dykk, få venner som igjen blir viktige kontaktar i arbeidslivet etter studia. Det er det som har gjort at vi har skapt vår egn og andre sine arbeidsplassar. Utan dei kontaktane hadde det ikkje gått.

Gjennom POE-dagane fekk studentane også høyre et engasjerande innlegg frå Mads Astrup Rønning i Green producers club, ei bedrift med et produkt som klarer å måle utslepp frå alle moglege produksjonar og prosjekt ned til minste detalj. 

Berekraft, som var tema for POE-dagane, var også i sentrum då Marita Lindvik snakka om korleis dei driv og utviklar turistnæringa si i Visit Nordfjord. Eit nyttig innlegg for Friluftsliv og naturguide-studentane.
 

Bilder

Jan Thormodsæter, dagleg leiar i MAFOSS, snakka til studentane under POE-dagane ved Høgskulen i Volda.
Jan Thormodsæter, dagleg leiar i MAFOSS, snakka til studentane under POE-dagane ved Høgskulen i Volda.
Last ned bilde

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

7007 5000https://www.hivolda.no/

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom