
– Toppleiarar i idretten er avhengig av eit "bakkemannskap" heime
26.1.2023 12:16:49 CET | Norges idrettshøgskole | Pressemelding

Hanne Sogn er stipendiat ved institutt for idrett og samfunnsvitskap og har gått djupt inn i norsk idrett dei siste åra.
Sjølv har ho tidlegare vore generalsekretær i Norges basketballforbund og Norges klatreforbund. I den rolla var ho eitt av få unnatak i norsk idrett.
Må slutte å fikse på kvinnene
85 prosent av dei valde toppleiarane i norsk idrett er nemleg menn.
Norsk idrett jobbar hardt for likestilling, men likevel har det ikkje blitt fleire kvinner med makt i toppen.
Etter å ha intervjua og fylgd nærmare 40 både nåverande og tidlegare leiarar, fann Sogn den svært hektiske kvardagen som ein viktig grunn.
– Kvardagen til ein toppleiar i idretten er ekstremt hektisk. Dei må vere tilgjengeleg 24/7. Den er ofte kriseorientert og uforutsigbar. Telefonar kjem nærmast heile døgnet. Dei er mykje ute og reiser, og skal heile vegen ha møter med NIF, krinsar og andre særforbund, seier Sogn og oppsummerer:
– Ein optimal toppleiar har få forpliktingar heime.
Ho meiner også at dei mange tiltaka norsk idrett har gjort for å løfte kvinnene, ikkje har funka.
– Mitt bodskap er at ein må slutte å fikse på kvinnene. Fiks heller på systemet!
Sogn har hatt tett dialog med idretten gjennom prosjektfasen og har nå klare anbefalingar som idretten kan ta vidare.
2.februar disputerer ho ved Norges idrettshøgskole. Disputasen er open for publikum og er spesielt relevant for alle i og rundt Norges idrettsforbund.
Nøkkelord
Kontakter
Gjermund Erikstein-MidtbøKommunikasjonsrådgjevar/innhaldsprodusentNorges idrettshøgskole
Tel:97095329gjermunde@nih.noBilder
Lenker
Om Norges idrettshøgskole
Norges idrettshøgskole er ein vitskapleg høgskule med eit særleg ansvar for forsking og høgare utdanning innan det idrettsvitskaplege fagfeltet.
Følg pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges idrettshøgskole på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole
Hva kreves for å vinne OL-gull i langrenn 2026?7.2.2026 06:00:00 CET | Pressemelding
Langrennsmedaljene i årets OL vil bli avgjort i et tempo som var utenkelig for få tiår siden. Vår egen langrennsforsker forklarer hvilke fysiske, tekniske og taktiske krav som ligger bak et olympisk gull i langrenn i 2026.
Norges idrettshøgskole har ekspertane til vinter-OL26.1.2026 14:11:34 CET | Pressemelding
Er du ute etter ekspertise og forskingsbasert kunnskap til saker under vinter-OL? Sjekk ut ekspertlista frå NIH!
Ny studie: Korte gåturar og mindre stillesitting gir lågare dødsrisiko14.1.2026 00:30:00 CET | Pressemelding
*SPERREFRIST: 14.JANUAR 00:30 (NORSK TID).* Å gå fem ekstra minutt kvar dag eller å redusere stillesittinga med ein halvtime kvar dag, reduserer dødsfall blant dei fleste vaksne, viser ny NIH-leia studie.
Ny rapport: Halvparten av deltagerne har opplevd krenkelser i barne- og ungdomsidretten3.12.2025 11:38:12 CET | Pressemelding
– Vi bør justere innholdet i trenerutdanningen og ha inn flere tiltak på forebygging av psykiske krenkelser, mener forsker Kari Fasting etter å ha undersøkt omfanget av krenkelser i barne- og ungdomsidretten.
Lansering av rapporten «Krenkende opplevelser i barne- og ungdomsidretten»26.11.2025 12:33:02 CET | Presseinvitasjon
Hvilke krenkende opplevelser opplever barn og ungdom i idretten? En ny rapport gir innsikt knyttet til psykisk og fysisk vold, og seksuell trakassering i barne- og ungdomsidretten.
