KS

– Tariffoppgjeret skal sikre gode velferdstenester til innbyggjarane

Del

– For at kommunane skal kunne tilby innbyggjarane gode velferdstenester, er heile laget av dyktige medarbeidarar viktig. I tariffoppgjeret må KS finne samlande løysingar, sa arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø då han besøkte Vestland i dag.

KS’ arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø deltok i dag på KS’ strategikonferanse i Vestland. Foto: KS
KS’ arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø deltok i dag på KS’ strategikonferanse i Vestland. Foto: KS

Kommunesektoren sin organisasjon KS er arbeidsgjevarorganisasjon for alle kommunar og fylkeskommunar, bortsett frå Oslo. Det omfattar nær 500.000 tilsette.

KS’ arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø deltok i dag på KS’ strategikonferanse i Vestland. Her blir politiske og administrative leiarar frå kommunane samla for å gje innspel til KS’ hovudstyre og forhandlarar.

– 33 kommunar og fylkeskommunen i Vestland har politisk vedteke innspel til KS om tariffoppgjeret. Det skal også fylkesmøtet gjere i dag. Så KS’ forhandlingsmandat blir godt forankra i kommunane, seier Jostein Ljones.  

– Vi står framfor eit krevjande tariffoppgjer. KS vil gjere alt vi kan for å finne gode løysingar rundt forhandlingsbordet som gjer kommunane i stand til å løyse sitt viktigaste oppdrag: Gode tenester til innbyggjarane, sa Gangsø.  

I kommunesektoren er det éi tariffavtale for alle tilsette, éi kake å fordele. KS må balansere krav frå fire forhandlingssamanslutningar med 40 fagforbund.

Lønsutviklinga i Norge følgjer frontfagsmodellen. Det betyr kort sagt at arbeidarar og funksjonærar i industrien som konkurrerer med utanlandske bedrifter legg ei norm for lønsveksten i heile arbeidslivet. Det bidreg til ein berekraftig nasjonal økonomi og sikrar grunnlaget for kommunane sine velferdstenester, som industrien også er avhengig av.  

Teknisk berekningsutval for inntektsoppgjera (TBU) la nyleg fram sin førebelse rapport om lønsveksten i 2021. For andre år på rad blei den faktiske lønsveksten i industrien noko høgare enn anslått – 3 prosent, mot ei anslått ramme på 2,7 prosent. Kommunesektoren heldt seg til ramma.

– Det er utfordrande at partane i industrien ikkje har kunne gje eit truverdig anslag for frontfaget si ramme dei to siste pandemiåra. Utviklinga over tid viser at frontfagsmodellen fungerer slik han skal, som ei norm og ikkje eit absolutt tak, seier Gangsø.

Dei siste åtte åra har tilsette i kommunesektoren kome noko betre ut enn frontfaget i industrien, ifølge TBU.

Samtidig som heile laget av tilsette skal få ei rimeleg lønsauke, er nokre yrkesgrupper vanskelegare å rekruttere i kommunane. Det gjeld særleg helsepersonell. Men det varierer noko rundt om i landet.

– I Vestland fylke seier kommunane at det er mest utfordrande å rekruttere legar og sjukepleiarar. Det viser KS’ arbeidsgjevarmonitor, seier fylkesstyreleiar i KS Vestland, Jostein Ljones.

Les meir om tariffoppgjeret i kommunesektoren på KS’ nettsider.

Kontakter

Bilder

KS’ arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø deltok i dag på KS’ strategikonferanse i Vestland. Foto: KS
KS’ arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø deltok i dag på KS’ strategikonferanse i Vestland. Foto: KS
Last ned bilde

Om KS

KS
KS
Postboks 1378 Vika
0114 Oslo

24 13 26 01http://www.ks.no

Følg pressemeldinger fra KS

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra KS på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra KS

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom