– Barn kan få galt tilbod i barnevernsinstitusjonar
30.9.2020 11:30:00 CEST | Riksrevisjonen | Pressemelding

Undersøkinga viser at seks av ti barn flyttar minst ein gong etter at dei kom til barnevernsinstitusjonar. Tolv prosent har flytta fire eller fleire gonger.
I desember 2019 budde 774 barn i barnevernsinstitusjonar. – At behova til fleire av disse barna ikkje blir godt nok kartlagde, kan gje alvorlege konsekvensar for det vidare livet til barna det gjeld, seier riksrevisor Per-Kristian Foss.
Barnevernet skal leggje avgjerande vekt på kva som er til det beste for barnet når dei vel tiltak. Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) har plikt til å tilby det kommunale barnevernet ein plass i ein barnevernsinstitusjon som er tilpassa det enkelte barns behov. Undersøkinga viser at Bufetat ikkje sikrar det beste for barnet ved alle plasseringar i barnevernsinstitusjonar.
Ikkje tilstrekkeleg oppfølging frå Bufetat
Institusjonsopphaldet skal bidra til å gi barn trygge rammer, utviklingsmoglegheiter, auka livskvalitet og varige, positive endringar i livet. Undersøkinga viser at oppfølginga frå Bufetat ikkje er tilstrekkeleg for å sikre utviklinga og framtida til alle barn som er på barnevernsinstitusjonar.
– Det er alvorleg at oppfølginga frå Bufetat ikkje er tilstrekkeleg for å sikre utviklinga og framtida til alle barn som er på barnevernsinstitusjonar. Manglande dokumentasjon av plasseringar i institusjonar svekkjer rettstryggleiken til barna, seier Foss.
For fleire barn manglar planar for utvikling og mål med plasseringa. Undersøkinga viser til dømes at det er lite dokumentasjon og rapportering om utviklinga til det enkelte barnet, og heller ikkje korleis barnet har medverka. Institusjonane rapporterer sjeldan om kva behandling barn eventuelt får, og korleis det blir lagt til rette for at barn skal ta imot psykisk helsehjelp.
Dokumentasjon er viktig for å velje rett tiltak for barnet også for framtida. Manglande rapportering om barnet gjer det til dømes vanskeleg å vurdere utviklinga til barnet og eventuelt setje i verk nødvendige korrigerande tiltak. I mange tilfelle blir resultatet av plasseringa ikkje evaluert.
Nøkkelord
Kontakter
Aleksander ÅsheimEkspedisjonssjef
Tel:945 07 619aleksander.asheim@riksrevisjonen.noSissel Elisabet HelminsenKommunikasjonsrådgiver
Tel:977 27 237sissel.helminsen@riksrevisjonen.noBilder

Lenker
Om Riksrevisjonen
Riksrevisjonen er Stortingets største og eldste kontrollorgan. Gjennom revisjon av regnskap og undersøkelser sjekker vi hvordan regjeringen og statsforvaltningen gjør jobben sin.
Følg pressemeldinger fra Riksrevisjonen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksrevisjonen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksrevisjonen
Samferdselsdepartementet har svak oppfølging av Bane NORs eiendomsvirksomhet25.6.2026 10:30:00 CEST | Pressemelding
Bane NOR-konsernet utvikler boliger, hoteller og næringsbygg i stort omfang. Men mye av dette skjer utenfor normal gangavstand til togstasjonene, og bidrar i liten grad til å understøtte jernbanen.
Svakheter i sikkerhetsarbeidet i departementenes IKT-satsing23.6.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Riksrevisjonen retter kritikk mot arbeidet med IKT-sikkerhet i Program Felles IKT-tjenester for departementsfellesskapet. Et hovedmål med å opprette programmet i 2021 var å styrke IKT-sikkerheten.
Etter 10 års skule: Urovekkjande mange elevar har ikkje lært å lese, skrive og rekne skikkeleg16.6.2026 13:00:00 CEST | Pressemelding
Trass i ei langvarig satsing og høg prioritet frå Stortinget, har svært mange elevar svake grunnleggjande ferdigheiter etter grunnskulen.
Pressekonferanse tysdag om elevar sine grunnleggjande ferdigheiter15.6.2026 12:16:38 CEST | Presseinvitasjon
Riksrevisjonen har undersøkt Kunnskapsdepartementet sitt arbeid for å styrkje lese-, skrive- og rekneferdigheitene hos elevane i grunnskulen. Velkommen til pressekonferanse tysdag kl. 13.
Riksrevisor: – Svake insentiver til å kutte i staten10.6.2026 12:30:00 CEST | Pressemelding
Nesten to tredjedeler av statlige virksomheter oppgir at de i liten grad har insentiver til å fremme innsparings- og kuttforslag i statsbudsjettprosessen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
