Riksrevisjonen

Digital sjukehusoppfølging blir for lite brukt

Del

Behov for sjukehustenester kjem til å  auke  framover. Stortinget forventar at fleire pasientar skal få tenestene i eller nær heimen ved hjelp av teknologi. Likevel har mange sjukehus komme kort i å ta teknologien i bruk.

Kvinne med blodtrykksmåler rundt armen sitter ved et kjøkkenbord.
Ny teknologi opnar for meir samarbeid om pasientar mellom sjukehus og kommunar. Foto: Fredrikstad kommune

– Mykje teknologi for å flytte sjukehustenester nærmare pasientane er klar, men ho blir for lite brukt. Det er ikkje tilfredsstillande, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Stortinget har over fleire år forventa at ein ved å ta i bruk ny teknologi og ulike former for digital heimeoppfølging i helsetenestene skal bidra til

  • å halde oppe eit tenestetilbod av god kvalitet og
  • å bremse auken i behovet for personell i primær- og spesialisthelsetenesta.

Digital heimeoppfølging kan for eksempel vera video- og telefonkonsultasjonar, nettbaserte behandlingsprogram og oppfølging via data frå pasienten eller medisinsk utstyr.

– Ved å bruke teknologien, kan sjukehusa redusere reisebelastninga for pasientar og gje dem et betre tilpassa tilbod. Samstundes kan det vera eit svar på utfordringa med knappheit på helsepersonell og ressursar i årene som kommer, seier riksrevisoren.

Samarbeid med kommunar lite utbreidd

Ny teknologi opnar for meir samarbeid om pasientar mellom sjukehus og kommunar. Potensialet er i liten grad utnytta.

Dei fleste tenestene sjukehus så langt har flytta nær pasientane, involverer ikkje kommunehelsetenesta.

– Det finnes gode døme på samarbeid. Erfaringar herifrå er at meir integrert oppfølging mellom sjukehus og kommunar er positivt for pasientane. Det kan og føre til betre samla ressursbruk for samfunnet, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Les meir om undersøkinga på riksrevisjonen.no

Nøkkelord

Kontakter

Om oss

Riksrevisjonen er Stortinget sitt revisjons- og kontrollorgan. Vi skal bidra til den demokratiske kontrollen med at statens ressursar blir forvalta forsvarleg og effektivt og i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader.

Følg pressemeldinger fra Riksrevisjonen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksrevisjonen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Riksrevisjonen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye