Lotteri- og stiftelsestilsynet

- Blokkering av ulovlege spelsider vil førebygge pengespelproblem

Del
Regjeringa går inn for DNS- blokkering av nettsidene til ulovlege spelselskap. - Dette vil beskytte norske spelarar, seier Henrik Nordal i Lotteritilsynet.
Henrik Nordal er avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.
Henrik Nordal er avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.

Frå januar 2024 kjem truleg DNS- blokkering av nettsider som tilbyr ulovlege pengespel i Noreg.

Det betyr at internettleverandøren stoppar deg dersom du forsøker å gå inn på ei slik nettside.

- DNS-blokkering gjer dei mest risikofylte pengespela mindre tilgjengelege og beskyttar slik norske spelarar, seier Nordal. 

Dei ulovlege spelselskapa tilbyr aggressive pengespel der du kan tape mykje pengar på kort tid. 

55 000 nordmenn har speleproblem, og 122 000 er i risiko for å få det, viser befolkningsundersøkinga frå 2019. Speleproblem kostar samfunnet over fem milliardar kroner i året.  

Mange spelar utan å vite om risikoen

Det er også slik at 5 av 10 nordmenn ikkje veit eller er usikre på kven som har lov til å tilby pengespel.

- Det betyr også at mange ikkje er klar over risikoen i å spele hos dei ulovlege spelselskapa. Med DNS-blokkering vil spelarane får varsel og bli stoppa når dei er på veg inn til eit slikt pengespel. Dette er eit effektivt informasjonstiltak som også vil virke førebyggande.

Den ulovlege pengespelreklamen er borte frå norske TV- skjermar og stadig fleire bankar stoppar innsats og gevinst på grunn av betalingsformidlingsforbodet.

- Vi får stadig fleire verktøy, og samla ser vi at dette har god effekt. Vi har tatt til orde for å innføre DNS- blokkering så fort som mogleg, fordi det er eit godt tiltak.

Fleire tilsynssaker

Dei selskapa som ikkje trekker seg ut av Noreg vil oppleve DNS- blokkering av nettsidene når nytt regelverk trer i kraft i 2024.

I tida fram til vi får DNS- blokkering på plass vil Lotteritilsynet opprette fleire tilsynssaker mot ulovlege spelselskap, og vedta at dei må stanse aktiviteten i Norge etterfulgt av tvangsmulkt, slik vi har gjort overfor Unibet- selskapet Trannel og Betsson-selskapet BML.

- Vi vil prioritere dette arbeidet høgt. Når det gjeld selskap som har intensjon om å trekke seg ut av Noreg og set i verk tiltak som viser at det er reelt, vil vi prioritere rettleiing framfor reaksjon og DNS-blokkering, seier Nordal.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Henrik Nordal er avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.
Henrik Nordal er avdelingsdirektør i Lotteritilsynet.
Last ned bilde

Om Lotteri- og stiftelsestilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Storehagen 1B
6800 FØRDE

57 82 80 00https://lottstift.no/nb/

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal sikre ansvarlege pengespel, sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Les meir på www.lottstift.no  

Følg pressemeldinger fra Lotteri- og stiftelsestilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Lotteri- og stiftelsestilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Lotteri- og stiftelsestilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye