Statens vegvesen

Vi er klare til å bygge E39 Stord-Os (Hordfast)

Del
Tilsette i Vegvesenet som jobbar med prosjektet er no klare for å gire opp, og planlegge- og bygge ny E39 frå Stord til Os. Strekninga ligg inne i regjeringa sitt forslag til ny Nasjonal Transportplan (NTP).
Bru over Bjørnafjorden vil knytte saman ein stor region med eit viktig næringsliv (AMCDissing og Weitling).
Bru over Bjørnafjorden vil knytte saman ein stor region med eit viktig næringsliv (AMCDissing og Weitling).

– Vi er ferdige med forslag til reguleringsplan våren 2022, og håpar å ha ein endeleg stadfesta plan på plass våren 2023. Når Stortinget følgjer opp NTP med pengar over statsbudsjettet kan Vegvesenet starte anleggsarbeidet i 2025, seier Kjartan Hove, prosjektdirektør Vest i Statens vegvesen.

Det har vært knytt stor spenning til NTP blant tilsette i Vegvesenet som har arbeidt med prosjektet i fleire, på kva regjeringa foreslår av nye vegprosjekt i NTP. Stemninga var derfor god da Samferdselsminister Knut Arild Hareide la fram NTP fredag før helga.

Komplekst og viktig

– Hordfast er eit komplekst prosjekt, men E39 er den viktigaste transportåra langs Vestlandskysten og vil, saman med Rogfast binde Vestlandet saman. Store delar av eksportinntektene i Noreg er frå Vestlandet og næringslivet vil få eit funksjonelt transportsystem for også i framtida kunne utnytte dei ressursane som ligg til landsdelen, seier Sverre Ottesen som er prosjektleiar for strekninga.

Strekninga er eit av dei vegprosjekta som er definert med høgast samfunnsnytte og som Statens vegvesen spilte inn til Samferdselsdepartementet i arbeidet med Nasjonal transportplan 2022-2033. Vegvesenet har kutta kostnader på vegprosjekta i sitt NTP forslag med 134 milliardar kroner. Det var viktig for å få på plass fleire vegprosjekt i transportplanen.

Dette skjer fram til byggestart i 2025

Prosjektet har ein stram tidsplan og akkurat nå er det arbeid med statleg reguleringsplan som har fullt fokus, i tillegg til ulike tekniske vurderingar knytt til dei to store bruene over Langenuen og Bjørnafjorden.

– God anleggsgjennomføring krev god førebuing. Det er nå vi går inn i alle detaljar og det er mange omsyn å ta. I denne fasen blir veglinja plassert eksakt i terrenget og vi vil ha nær kontakt med grunneigarar, kommunane og andre offentlege instansar. Vi vil vurdere løysingar som reduserer kostnaden og aukar nytten i prosjektet, samtidig blir dette vurdert opp mot konsekvensar for naturmangfald og andre miljøtema, understrekar Hove.

Etter at reguleringsplan er endeleg stadfesta, må naudsynte avtalar om grunnavståing på plass, og kontraktar med entreprenørar og leverandørar lysast ut og underteiknast, før anleggsarbeida kan starte.

For å se denne videoen, må du gi ditt samtykke øverst på denne siden.Kryssing av Bjørnafjorden med ny bru.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Bru over Bjørnafjorden vil knytte saman ein stor region med eit viktig næringsliv (AMCDissing og Weitling).
Bru over Bjørnafjorden vil knytte saman ein stor region med eit viktig næringsliv (AMCDissing og Weitling).
Last ned bilde
Slik kan verdas lengste flytebru over Bjørnafjorden sjå ut (Illustrasjon: AMCDissing og Weitling).
Slik kan verdas lengste flytebru over Bjørnafjorden sjå ut (Illustrasjon: AMCDissing og Weitling).
Last ned bilde

Lenker

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye