Den norske kirke

– Vi er ikkje åleine

Del

Kristi himmelfartsdag markerer dagen då Jesus vart teken opp til himmelen. Kyrkjerådsleiaren meiner dagen gjev ei påminning om at vi ikkje er åleine. 

Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum. Foto: Kolonihaven / Den norske kyrkja.
Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum. Foto: Kolonihaven / Den norske kyrkja.

Kristi himmelfartsdag vert feira førti dagar etter påske. Dagen markerer avslutninga av Jesus sitt liv på jorda. 

– Kristi himmelfart er ein dag for avskjed, men også ein dag som minner oss om at vi ikkje er aleine, seier kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum.

– Jesus velsigna disiplane og gav dei ein lovnad om å vere med dei kvar dag.

Dagen vert markert med gudstenester i kyrkja – fleire stader er det tradisjon for utegudsteneste denne dagen.

Forteljinga om at Jesus fer opp til himmelen står i Det nye testamentet i Bibelen – i Markusevangeliet, Lukasevangeliet og Apostelgjerningane. Ti dagar etter Kristi himmelfart kjem pinse som også vert kalla for kyrkja sin fødselsdag. 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum. Foto: Kolonihaven / Den norske kyrkja
Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum. Foto: Kolonihaven / Den norske kyrkja
Last ned bilde

Følg pressemeldinger fra Den norske kirke

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Den norske kirke på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Den norske kirke

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye