Sparebanken Vest

Vestlandsindeksen viser: vestlandsbedrifter aukar prisane

Del
Pandemien gjer at 4 av 10 bedrifter på Vestlandet har utfordringar med å få tak i råvarer og produkt som dei treng. Halvparten av desse har sett seg nøydde til å auke utsalsprisane til kundane som følgje av dette.
Bjerkreim vindpark. Foto: IKM Elektro.
Bjerkreim vindpark. Foto: IKM Elektro.

– Forseinkingar i verdikjedane er ei problemstilling som treff veldig mange av bedriftene her i vest. Det er få næringar som ikkje meldar at dei har problem med dette i det heile teke, seier Ragnhild Fresvik, konsernsjef for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest.


Årsaka til verdikjedeproblema verkar å vere lik for dei fleste, viser Vestlandsindeksen for 4. kvartal 2021.

– Nokre av næringane opplev ei auke i etterspurnaden og har problem med å levere – som til dømes trelast- og elektronikkbransjane. Det er likevel først og fremst utfordringane med å få tak i nok varer og logistikk som ligg bak resultata frå Vestlandsindeksen, seier Fresvik.

Effektane kjem til å vare

Nytt frå førre Vestlandsindeks, er at verdikjedeutfordringane dessverre ikkje er eit forbigåande fenomen. Bedriftene svarar at dei kjem til å slite med effektane av dette i lang tid.

– Vestlandsbedriftene forventar at desse utfordringane vil normalisere seg i laupet av 2023. Då dei fekk same spørsmål for tre månader sidan, var svaret frå dei fleste at dei venta at utfordringane ville vere over i 2022, seier Kjetil Benson, leiar for Markets i Sparebanken Vest.

Det at vestlandsbedriftene ikkje får tak i nok varar har ei kostnadsside, fortset Ragnhild Fresvik.

– Det vi ser no i Vestlandsindeksen, er at ein av to bedrifter som oppgjer at dei har verdikjedeproblem, aukar prisane sine som ein konsekvens av dette. Dette vil treffe oss som forbrukarar, men samtidig bidra til at lønsemda i desse bedriftene blir opprettheldt, seier ho.

IKM Gruppen aukar utsalsprisane

Det er eit klart fleirtal av bedrifter i næringane industri, kraft og oljeutvinning, bygg- og anleggsverksemder blant dei som har auka utsalsprisane til kundane. Eit av selskapa som har logistikkproblem, og som aukar utsalsprisane, er IKM Gruppen, som har hovudkontor i Sola.

– Det er lengre ledetid på enkelte delar, og innkjøpskostnadane har auka. I tillegg er det ein mangel på enkeltkompetanse og ressursar frå utlandet, både hos oss og kundane våre. Det er per i dag ikkje et stort problem, men summen av det gjer at prosjekter drar meir ut i tid og gjer planlegginga litt meir krevjande. Det aukar også utsalsprisane, seier Ståle Kyllingstad, konsernsjef i IKM Gruppen.

Resultatindeksen fell på heile Vestlandet

Resultatindeksen viser den økonomiske utviklinga for Vestlandsbedriftene dei siste tre månadene. For det siste kvartalet i 2021 fell indeksen frå 63 til 62 poeng. Indeksen ligg framleis 7 poeng over same tid i fjor og er fortsett over det historiske gjennomsnittet på 60,7 poeng

– For inngangen til 2022 er det særleg tre faktorar som skapar uvisse for næringslivet. Smitteoppblomstringa, ein betydeleg auke i energiprisane og ikkje minst den vedvarande utfordringa knytt til det å få tak i nok varer og forseinkingar i verdikjedane, forklarar Fresvik.

Blant dei ulike næringane, er det overnattings- og serveringsnæringa som har størst nedgang i resultatindeksen. Her fell indeksen med heile 13 poeng.

– Denne næringa, som så mange vestlendingar jobbar i, har mått tole mykje under pandemien. No håpar vi på lettar som vil gi ein boost og ei auke i aktivitetsnivået, seier Fresvik.

Olje- og gassverksemder har høgare forventningar

For fjerde kvartal viser forventningsindeksen ein nedgang frå 66 til 63 poeng, som er under det historiske gjennomsnittet på 64 poeng.

– Bedriftene er litt mindre positive enn dei var i haust, men dei er framleis positive. Vi må ikkje gløyme at 2022 er forventa å vere eit vekstår for vestnorsk næringsliv. Gjeninnhentinga vil føre til vekst i investeringane, og vi har også ein god arbeidsmarknad. Eg ser lyst på 2022 på vegne av våre kundar, seier konserndirektøren.

For verksemder som har meir enn 50 prosent av omsetninga si knytt til olje- og gassektoren, er forventningsindeksen betydeleg høgare enn for dei som ikkje har det – heile 7 poeng høgare.

– Det er fleire ting som påverkar dette – mellom anna at prisen på olje og gass i norske kroner er rekordhøg. Gasskrisa som vi ser i Europa no, drar den norske oljebransjen veldig godt nytte av, seier Kjetil Benson.

Les meir om Vestlandsindeksen på agendavestlandet.no

For å se denne videoen, må du gi ditt samtykke øverst på denne siden.Sjå vår konserndirektør for bedriftsmarknaden, Ragnhild Fresvik, og Kjetil Benson, leiar for Markets, diskutere siste Vestlandsindeks.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Bjerkreim vindpark. Foto: IKM Elektro.
Bjerkreim vindpark. Foto: IKM Elektro.
Last ned bilde
Last ned bilde
Last ned bilde
Last ned bilde
Ragnhild Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest. Foto: Hermann Øberg.
Ragnhild Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest. Foto: Hermann Øberg.
Last ned bilde
Kjetil Benson, leiar for Markets i Sparebanken Vest. Foto: Hermann Øberg.
Kjetil Benson, leiar for Markets i Sparebanken Vest. Foto: Hermann Øberg.
Last ned bilde

Om Sparebanken Vest

Sparebanken Vest
Jonsvollgaten 2
5011 Bergen

915 05 555https://www.spv.no

Sparebanken Vest er landets tredje største sparebank. Vi er et komplett finanshus for mer enn 290.000 person- og bedriftskunder. Vi er stolt over å være et selvstendig finanskonsern med hovedkontor i Bergen med en sentral rolle i mye av den verdiskapningen som skjer på Vestlandet.

Følg pressemeldinger fra Sparebanken Vest

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sparebanken Vest

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye