Avinor

Vekst i flytrafikken, men stadig under normalen

Del
3 972 514 passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i mars. Dette var ein auke på 21 prosent samanlikna med mars 2022. Trafikken er likevel 12 prosent lågare enn i same månad i 2019, som var det siste normalåret før pandemien. Talet på flyrørsler er derimot berre 7% lågare enn før pandemien.

-Flytrafikken aukar framleis samanlikna med i fjor. For dei tre første månadene samla er flytrafikken nå 15 prosent bak 2019-nivå. Det er venta at flytrafikken vil ligge under 2019-nivå resten av året. Men i månadene juni-august, ventar me at trafikken berre vil ligge omlag 5-7 prosent under nivået før pandemien, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise

-Fritidsreisande inn til Noreg er venta å være den viktigaste drivaren for utviklinga framover. Dette gjaldt også før pandemien, og er ein trend som vil halde fram. Dette er gledeleg for reiselivet, og vil i tida som kjem bli eit stadig viktigare eksportområde for Noreg. Akkurat nå er den svake krona også ein viktig drivar her, held Riise fram.

-Dei samla passasjertala for året vil truleg ende om lag 8-10 prosent lågare enn i 2019. Det er knytt usikkerheit til dette mellom anna som følgje av internasjonal uro og usikker effekt av redusert kjøpekraft blant forbrukarar i Noreg og ute i verda, avsluttar Riise.

Flyrørsler

Det var 53 376 kommersielle flyrørsler i mars 2023. Dette er ein auke på 8 prosent frå mars 2022. Om ein samanliknar med mars i 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på 7 prosent.

Trafikken utanlands

1 412 695 passasjerar har reist mellom Avinor sine lufthamner og utlandet i mars. Same månad i fjor reiste i underkant av 1 million passasjerar til utlandet. Det betyr at trafikken utanlands har auka med 43 prosent samanlikna med i fjor, da luftfarten framleis var råka av pandemi og reiserestriksjonar.

Om ein samanliknar med 2019, er det 17 prosent nedgang i utanlandstrafikken i mars månad.

Trafikken innanlands

2 513 418 reiste innanlands i mars. Det er 12 prosent fleire enn i mars i fjor.

Samanlikna med mars 2019 har det vore ein nedgang på 10 prosent.

Hittil i år

Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019, ser ein at vi no ligg 15 prosent bak normalåret 2019.

Her er passasjertala i mars frå dei store lufthamnene, samt DRL = dei regionale lufthamnene samanlikna med 2022:

Mars

Hittil i år

Lufthamn

2022

2023

Endring

2022

2023

Endring

Oslo

1 559 000

1 980 000

27 %

3 442 000

5 186 000

51 %

Bergen

438 000

494 000

13 %

1 023 000

1 323 000

29 %

Trondheim

294 000

342 000

17 %

648 000

899 000

39 %

Stavanger

261 000

321 000

23 %

581 000

843 000

45 %

DRL

739 000

836 000

13 %

1 725 000

2 189 000

27 %

Avinor

3 290 000

3 973 000

21 %

7 419 000

10 441 000

41 %

Samanlikna med 2019:

Mars

Hittil i år

Lufthamn

2019

2023

Endring

2019

2023

Endring

Oslo

2 329 000

1 980 000

-15 %

6 283 000

5 186 000

-17 %

Bergen

510 000

494 000

-3 %

1 376 000

1 323 000

-4 %

Trondheim

378 000

342 000

-9 %

1 017 000

899 000

-12 %

Stavanger

359 000

321 000

-11 %

969 000

843 000

-13 %

DRL

949 000

836 000

-12 %

2 575 000

2 189 000

-15 %

Avinor

4 525 000

3 973 000

-12 %

12 220 000

10 441 000

-15 %

Sjå meir trafikkstatistikk frå Avinor 

Nøkkelord

Kontakter

PressetelefonKun til bruk for journalister.

Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.

Tel:+47 918 15 614presse@avinor.no

Bilder

Dokumenter

Om Avinor

Avinor
Avinor
Drammensveien 144
0277 Oslo

+47 67 03 00 00https://avinor.no

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

- Avinors offentlige journal

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

En milepæl for omstilling til null- og lavutslippsluftfart22.3.2024 12:15:00 CET | Pressemelding

-Det er veldig positivt at regjeringen setter av 1 milliard kroner til å fremskynde overgangen til null- og lavutslippsluftfart i Nasjonal transportplan for perioden 2025-2036. Dette er kraftfulle signaler til luftfarten og svært viktig for å sette fart på omstillingen. Alle ønsker å fase inn fremtidens fly så raskt som mulig. Ressurser til utbygging av infrastruktur er avgjørende for at vi skal være klare når de første null- og lavutslippsflyene kommer, sier konsernsjef i Avinor, Abraham Foss.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye