Statens vegvesen

Vegvesenet øver i Gudvangatunnelen

Del
Måndag 13. juni skal Statens vegvesen ha beredskapsøving i E16 Gudvangatunnelen.
E16 Gudvangatunnelen. Bilete frå Google maps street view
E16 Gudvangatunnelen. Bilete frå Google maps street view

Det vil bli kolonnekøyring frå 18.30-20.30 begge retningar, og stengt tunnel frå 20.30-22.30. Det vil bli brukt røyk under øvinga.

– Vi har forståing for at stengd tunnel kan vera krevjande for trafikantane, men det er naudsynt i ein kort periode slik at vi kan få øvd dersom ei hending skulle inntreffa. Det er eit krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og sikkerheitsgodkjenning av tunnelen at vi skal halda slike øvingar, seier brannvernleiar Svein Rune Vie i Statens vegvesen.

Vi oppmodar alltid trafikantar til å sjekka 175.no før dei skal ut og reisa. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på alle landets vegar.

Fakta om Gudvangatunnelen

Gudvangatunnelen har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 2.200 køyretøy. Det er dette som kallast ÅDT (årsdøgntrafikk). Av dette er 28 prosent, eller 616, lange køyretøy .

Den 11.428 meter lange Gudvangatunnelen var Noregs lengste då han vart opna i 1991. Sidan har han falle ned til sølvplass etter at Lærdalstunnelen (24.509 meter) vart opna i 2000.

Tek vi med undersjøiske tunnelar i same oversikt, har Gudvangatunnelen framleis pallplass som landets tredje lengste etter at den 14300 meter lange Ryfylketunnelen opna 30. desember 2019.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

E16 Gudvangatunnelen. Bilete frå Google maps street view
E16 Gudvangatunnelen. Bilete frå Google maps street view
Last ned bilde
E16 Gudvangatunnelen. Bilete frå Google maps street view
E16 Gudvangatunnelen. Bilete frå Google maps street view
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye