Vegen tilbake etter krisa blir ulik for Vestlandsbedriftene
Den ferske Vestlandsindeksen viser ein markant resultatoppgang for næringslivet på Vestlandet. Forventningane til framtida er også stigande for dei fleste bransjar, men reiseliv og maritim næring har større utfordringar enn andre.

Korona-krisa råkar næringslivet på Vestlandet breitt og brutalt. Då er det gode nyheiter at resultatindeksen gjer sitt største hopp nokon gong i Vestlandsindeksen for 3. kvartal – frå 43,4 til 55,1.
– Nedturen er i ferd med å snu, men samtidig må vi hugse på at resultatindeksen framleis er eit godt stykke under sitt historiske gjennomsnitt på 64,6, seier Ragnhild Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest.
Kutter i bemanninga
Ein beskjeden forventningsindeks indikerer at krisa vil ha ein langvarig effekt på etterspurnad, investering, lønsemd og sysselsetting for Vestlandsbedriftene.
Indeksen viser same utvikling for fleire bransjar – forventninga til etterspurnad dei neste tre månadane er høgare enn forventningane til sysselsetting.
– Ei forklaring kan vere at bedriftene prøver å kutte kostnadar der dei kan for å vere betre rusta for ei usikker tid framover, seier Fresvik.
Denne trenden ser vi spesielt for bedrifter med meir enn 50 tilsette – denne gruppa rapporterer at dei vil ha ei bemanning på 88 prosent av planane dei hadde før krisa inntrefte. Bedrifter med mindre enn 50 tilsette rapporterer tilsvarande om 94 prosent.
– Vi må ta vare på arbeidsplassar
Over halvparten av dei største bedriftene planlegg å permittere eller seie opp tilsette, medan «berre» 22 prosent av dei små bedriftene gjer det same.
– Forventningane til sysselsetting er noko svakare enn vi kunne ønske. Dette er noko av det vi er mest oppteken av framover – vi må ta vare på arbeidsplassar og sikre kompetanse, seier konserndirektøren.
1 av 3 maritime bedrifter melder om negativ marknadsutvikling
Meir enn 40 prosent av dei maritime bedriftene er usikre på om dei har nok arbeid til å kunne kalle tilbake permitterte tilstte. Heile 1 av 3 bedriftsleiarar i den maritime næringa melder om negativ marknadsutvikling for si bedrift.
– Dette er nest største eksportnæring i Noreg – og ei næring som har store internasjonale moglegheiter i det grøne skiftet. Det er utruleg viktig at vi sikrar aktiviteten i denne næringa slik at vi klarar å ta vare på den viktige kompetansen som vi har der, kommenterer Ragnhild Fresvik.
– Det er også interessant å sjå at dobbelt så mange bedrifter i den maritime næringa, sett opp mot totalen av alle bedrifter, seier at korona-krisa har ført til at dei planlegg å investere i nye forretningsområde, legg ho til.
Det er her på Noreg si vestkyst at den grøne omstillinga i maritim næring skal skje, meiner Siv Remøy-Vangen, dagleg leiar i Maritime Bergen.
– Dersom den maritime klynga på Vestlandet skal ha ei spydspiss-rolle i framtida, er vi avhengig av statlege tiltak som stimulerer til aktivitet. Stat og fylke har viktige roller når vi skal dra i gang omstillinga til nye energikjelder, seier Remøy-Vangen.
Treng næringsspesifikke støtteordningar
Dei generelle statlege støtteordningane er i ferd med å bli fasa ut. No er det eit stort behov for å styrke dei næringsspesifikke støtteordningane, rapporterer bedriftsleiarane.
– Reiselivsnæringa seier klart frå at dei har eit akutt behov for støtte dersom dei skal kome seg gjennom den krevjande likviditetssituasjonen som mange står i akkurat no, seier konserndirektøren.
Flor og Fjære – blomsterøya utanfor Stavanger – er ei av bedriftene som har ønske om ein skreddarsydd pakke for sesongbaserte reiselivsaktørar. Bedrifta har ingen inntekter utanfor sesong mai – september. Dermed er ikkje kompensasjon for omsetnadstap særleg relevant.
– Støtte til å kunne betale lønningar hadde hjelpt oss veldig. Vi er fleire heilårstilsette som jobbar med utvikling og drift av hagen som vi mykje heller skulle hatt i arbeid enn å heile tida vurdere om vi må permittere, seier dagleg leiar Hanne Hidlefjord.
Reiselivsnæringa ventar langvarige utfordringar
Reiselivsnæringa frykter hausten og vinteren og rapporterer om dramatiske framtidsutsikter. For overnattings- og serveringsverksemder fell forventningsindeksen i forhold til førre kvartal – i motsetning til alle andre næringar.
– Reiselivsbedriftene som vi har spurt seier at det kan ta opptil to år før omsetnaden er på nivå med det dei hadde forut for korona-krisa, og kvar fjerde bedrift i denne næringa seier at dei reknar med å redusera bemanninga, seier Fresvik.
Nøkkelord
Kontakter
Ragnhild Janbu FresvikKonserndirektør Bedriftsmarked
Tel:95 92 80 38ragnhild.fresvik@spv.noBilder
Om Sparebanken Vest
Sparebanken Vest er landets tredje største sparebank. Vi er et komplett finanshus for mer enn 290.000 person- og bedriftskunder. Vi er stolt over å være et selvstendig finanskonsern med hovedkontor i Bergen med en sentral rolle i mye av den verdiskapningen som skjer på Vestlandet.
Følg saker fra Sparebanken Vest
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste saker fra Sparebanken Vest
Sysselsettingsfall i Vestland25.11.2020 11:41:29 CET | Pressemelding
Jobbskaperbarometeret til Finans Norge viser at Vestland fylke har hatt en nedgang på 16.239 arbeidsplasser i tredje kvartal sammenlignet med samme periode i 2019. – En bekreftelse på at omstillingen regionen skal gjennom har kommet nærmere dørstokken vår, sier Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef i Sparebanken Vest.
Vestlandsbedriftene har sett gjeninnhentinga på pause23.11.2020 08:15:00 CET | Pressemelding
Optimismen som næringslivet på Vestlandet melde om på seinsommaren er ikkje like tydeleg no. Auka uvisse gjer at verksemdene snur seg til kvarandre i krisen, viser Vestlandsindeksen. 1 av 4 bedrifter har gjeve kundane sine forlenga betalingsfrist.
Vekst, reduserte kostnader og moderate tap i tredje kvartal29.10.2020 08:30:00 CET | Pressemelding
Sparebanken Vest har i tredje kvartal 2020 et resultat på 440 millioner kroner og en egenkapitalavkastning på 10,5 prosent. Banken har vekst i både person- og bedriftskunder, tilknyttede selskap leverer et sterkt kvartal, kostnadsutviklingen er god og tapene er vesentlig lavere enn foregående kvartaler. Ved utgangen av kvartalet har banken en solid kjernekapitaldekning på 17,8 prosent.
Vestlendingene sparer mer enn før29.10.2020 08:30:00 CET | Pressemelding
På ett år har innskuddene til kundene i Sparebanken Vest økt med 9,1 prosent. I tillegg har antallet kunder med avdragsfrihet blitt kraftig redusert sammenlignet med forrige kvartal. Gledelig nytt, mener konsernsjef i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth.
Korona-krisen har fått fart på shopping på nett24.9.2020 14:09:03 CEST | Pressemelding
Mange har fått sansen for å handle fra sofakroken. For Aksdal i Muren gikk mye av korona-tiden med til å levere regntøy til bergensere som hadde handlet og klikket på «hjemlevering» i nettbutikken.
Studentane i Bergen får korona-stønad frå Sparebanken Vest25.8.2020 12:41:53 CEST | Pressemelding
UKEN på NHH måtte avlyse, studentkor har mista oppdrag og inga lyd frå Hulen på Nygårdshøgda på mange månader. No får ti ulike studentorganisasjonar i Bergen til saman 430 000 kroner i krisestøtte frå Sparebankstiftelsens Korona-fond.
I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom