Vegdirektoratet følger ikkje opp avvik i tunnelane
Vegdirektoratet følger ikkje opp resultat frå inspeksjonar i dei tunnelane som ikkje er oppgraderte, og tar ikkje det ansvaret dei har ifølge tunnelsikkerheitsforskrifta, meiner Vegtilsynet i ny tilsynssak.

Vegtilsynet har undersøkt om Statens vegvesen tek i vare sikkerheita i tunnelar som ikkje er oppgraderte etter tunnelsikkerheitsforskrifta. Vegtilsynet har sett på gjennomføring og oppfølging av periodiske inspeksjonar, som er viktig for at Vegdirektoratet skal ha oversikt over sikkerheita i tunnelane, og skal gi grunnlag for å prioritere og følge opp tiltak dersom den ikkje er i tråd med tunnelsikkerheitsforskrifta.
Periodiske inspeksjonar skal gjennomførast minst kvart sjette år for å undersøke om tunnelar over 500 meter er i samsvar med tunnelsikkerheitsforskrifta. Det er viktig at Statens vegvesen har eit godt system for planlegging, gjennomføring og oppfølging av periodiske inspeksjonane for å kunne vite om sikkerheita i tunnelane er ivaretatt. Tunnelforvaltningssystemet i Statens vegvesen heiter PLANIA.
Tilsynssaka viste at Vegdirektoratet ikkje har ein overordna nasjonal plan for gjennomføring av periodiske inspeksjonar av tunnelane som ikkje er oppgraderte, og at 87 prosent av dei periodiske inspeksjonane blir gjennomførte, men blir ikkje følgt opp av Vegdirektoratet i tråd med krav.
Vegtilsynet fann også at Vegdirektoratet:
- ikkje har organisert gjennomføring av inspeksjonar på ein slik måte at den sikrar uavhengige vurderingar
- ikkje har sikra at gjennomføring av periodiske inspeksjonar avdekker om minstekrav i tunnelsikkerheitsforskrifta blir følgt
- ikkje følger opp dei periodiske inspeksjonane. Det blir avdekka et stort tal avvik og svakheiter under inspeksjonane, men Vegdirektoratet følger ikkje opp funn, eller har nasjonal oversikt, slik føremålet med PLANIA er. Vegdirektoratet får difor ikkje oversikt som kan brukast til å prioritere og sette inn tiltak.
- ikkje har oppdaterte sentrale retningslinjer
Vegtilsynet har funne 5 avvik som vil bli følgt opp med Vegdirektoratet.
Vegtilsynet meiner det er alvorleg at Vegdirektoratet manglar systematikk, som til dømes bruk av PLANIA, i arbeidet med sikkerheit i dei tunnelane som ikkje er oppgraderte, og slurvar med rolla si når det gjeld krava i tunnelsikkerheitsforskrifta.
Nøkkelord
Kontakter
Trude Tronerud AndersenDirektør
Tel:95339512trude.andersen@vegtilsynet.comKenneth LyngsgårdVegfaglig rådgiver
Tel:99169241kenneth.lyngsgard@vegtilsynet.comIngebjørg MidthunTilsynsleder
Tel:95438915ingebjorg.midthun@vegtilsynet.comBilder

Dokumenter
Om Vegtilsynet
Følg saker fra Vegtilsynet
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Vegtilsynet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste saker fra Vegtilsynet
Trude Tronerud Andersen slutter som direktør i Vegtilsynet28.10.2020 13:38:27 CET | Pressemelding
Trude Tronerud Andersen slutter som direktør i Vegtilsynet, og går over i ny stilling i privat sektor. Vegard Hansen vil være fungerende direktør fra 18.november og frem til ny direktør er tilsatt.
Tilsyn med Nye Veier sitt system for drift6.7.2020 10:50:00 CEST | Pressemelding
Nye Veier har i hovudsak eit tilstrekkeleg system for å sikre drift av vegnettet.
Manglende oversikt over tilstand på ventilasjonsanlegg i tunneler24.6.2020 07:21:40 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen etterlever ikke i tilstrekkelig grad krav til drift og vedlikehold av ventilasjonsanlegg, mener Vegtilsynet i ny tilsynssak.
Mangelfullt system for inspeksjon av sykkelruter24.6.2020 07:20:30 CEST | Pressemelding
Tilsyn har vist at Statens vegvesens system for inspeksjon av sykkelruter ikke legger til rette for at tilstanden på sykkelvegene er tilfredsstillende.
Brudd på kravene til sikring av arbeidsområder9.5.2019 12:33:16 CEST | Pressemelding
Nye veier AS ivaretar ikke trafikksikkerheten i arbeidsområdene i E6 Innlandet godt nok, mener Vegtilsynet i ny tilsynssak.
Farlige feil på rekkverk11.3.2019 13:00:39 CET | Pressemelding
På grunnlag av inspeksjonsfunn av manglende rekkverksbolter på flere riksveger, åpnet Vegtilsynet tilsynssak mot Vegdirektoratet.
Undersøkelse av sikkerheten i tre tunneler i Region øst28.1.2019 12:18:46 CET | Pressemelding
Vegtilsynet inspiserte Frogntunnelen, Øyertunnelen og Røstetunnelen som ledd i tre tilsynssaker mot Statens vegvesen, Region øst. Det ble funnet avvik i alle tunnelene.
I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom