Utlysing: Meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken!
No lanserer vi ei heilt ny ordning for å auke mengda nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken. Prosjektet er eit samarbeid mellom Kulturtanken, Vestland fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.
– Berre ein liten del av forslaga DKS mottek er på nynorsk. Det ynskjer vi å endre på! Norske elevar fortener at vi legg ekstra innsats i å få fram prosjekt der nynorsk blir opplevd som relevant for alle elevar. Både dei som har nynorsk som hovudmål og dei som har det som sidemål. Derfor er eg glad for at vi har sett i gang dette prosjektet for å få fleire nynorske prosjekt inn i Den kulturelle skulesekken, seier Øystein Strand, direktør i Kulturtanken.
Nynorsk er kvardag, identitet, kjærleik og ein del av det norske mangfaldet. Språket ligg i sjela til både by og bygd, og kan brukast overalt. Vi søkjer dei som har nynorsk tett til virke og hjarte, men også dei som er nysgjerrige og som kan tenke seg å legge språket til grunn for skaping og utforsking. Vi søkjer deg som vil gjere nynorsk levande for deg sjølv, og for barn og unge i heile landet. Nynorsken er for alle. Du kan vere med på å gje språket større plass i Den kulturelle skulesekken!
Om ordninga
Prosjekta som blir ein del av ordninga får ei heilt unik moglegheit til å utvikla og auke kvaliteten på prosjekta sine. Fire til seks prosjekt blir valde ut til å vere med.
Desse får støtte og hjelp til å jobbe vidare med prosjektet sitt gjennom samarbeid med Seanse, senter for kunstproduksjon, som ligg i Volda. Samarbeidet skjer gjennom eit kunstnaropphald der prosjekta får rettleiing og støtte til både vidare utvikling av form og innhald, og i å nytte nynorsk som arbeidsspråk. Tapt inntekt som følgje av kunstnaropphaldet vil bli dekt av ordninga med ein fast takst, i tillegg til reise og andre utgifter.
Seanse er ein unik kunstproduksjonsarena som kombinerer opphald, kunstnarisk og pedagogisk rettleiing og testvisning. Prosjekta får med dette opphaldet eit skreddarsydd opplegg som både er individuelt og kollektivt, med moglegheit til å knytte band og nettverk til andre som driv med nynorsk i sine produksjonar.
Dette arbeidet vil gjera prosjekta best mogleg skodde når dei skal meldast inn som forslag til programmet for DKS innan 1. oktober 2021.
Målet med ordninga er å auke mengda prosjekt der nynorsk vert opplevd som relevant, representativt og for alle elevar, både dei som har nynorsk som hovudmål og dei som har det som sidemål.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Kulturtanken, Vestland fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.
Kven kan søkja?
Alle som har nynorsk som arbeidsspråk for produksjonen kan søkje om ein plass i opplegget. Det gjeld både dei som vanlegvis brukar nynorsk, og dei som ønskjer å endra arbeidsspråket i prosjektet sitt. Ein kan også søkja med helt nye prosjekt, også dei som ikkje er levert som forslag til i DKS-portalen.
Ein komité vil gå gjennom søknadane og velgje produksjonane som går inn i opplegget. Komiteen er satt saman med ressurspersonar frå relevante og aktuelle fagmiljø.
Kva er ein nynorsk produksjon?
Ein nynorsk produksjon tek utgangspunkt i nynorske tekstkjelder. Nynorsk kan vere representert i alle kunst- og kulturuttrykk, i digital formidling og analog formidling. Til dømes nynorsk manus for produksjonen, nynorske bøker, songar eller nyskrive tekstgrunnlag.
Her kan du lese meir om DKS og dei ulike kunst- og kulturuttrykka.
Bakgrunn og formål med ordninga
For skuleåret 2021 blei 207 nynorske produksjonar sendt inn som forslag til DKS, av 2430 produksjonar totalt. Dette vil vi endre på. Noreg har to likestilte språkformer og Kulturtanken ynskjer at dette skal synast i DKS-programmet.
Meir nynorsk til barn og unge!
Søknadsfristen er 1. desember 2020.
.
Kontakter
Agnieszka J. BrynKommunikasjonsjef
Tel:922 15 646ajb@kulturtanken.noBilder

Lenker
Om Kulturtanken
Følg saker fra Kulturtanken
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturtanken på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste saker fra Kulturtanken
Ni millioner til inkludering i kulturlivet - øker med fire millioner2.12.2020 15:13:53 CET | Pressemelding
Kulturdepartementet øker budsjettet til den nye tilskuddsordningen grunnet mange gode søknader. Ordningen utgjør dermed ni millioner. Totalt 55 prosjekter får støtte. Nå er tildelingen klar.
4 millionar kroner skal stimulere til fleire nyproduksjonar i Den kulturelle skulesekken7.10.2020 12:43:12 CEST | Pressemelding
Regjeringa aukar satsinga på barne- og ungdomskultur.
Lyst til å vite mer om koblingen mellom skolen og Den kulturelle skolesekken?2.9.2020 10:10:12 CEST | Pressemelding
En ny ressursside for lærere skal bidra til å knytte DKS tettere til skolen. Utdanningsdirektoratet (Udir) og Kulturtanken samarbeider om å informere om ordningen.
Fem millioner til inkludering av barn og unge i kulturlivet1.9.2020 09:59:20 CEST | Pressemelding
Kulturminister Abid Raja lanserte en ny tilskuddsordning som skal sikre at flere barn og unge får muligheten til å delta i organiserte kulturaktiviteter.
Den kulturelle skolesekken åpner for nye produksjonsforslag14.8.2020 13:04:57 CEST | Pressemelding
15. august åpner DKS-portalen for innsendelse av forslag fra profesjonelle utøvere, produsenter og formidlere av kunst og kultur.
– Verdens beste kunst- og kulturordning for barn og unge18.6.2020 13:19:31 CEST | Pressemelding
Påstanden til Kulturtankens direktør, Øystein Strand, henviser til Den kulturelle skolesekken (DKS), som neste år fyller 20 år. Hvor finner man ellers en nasjonal ordning bestående av over 4000 kunstnere og kulturformidlere, som når alle landets barn og ungdom, uansett bosted og sosiokulturell bakgrunn?
I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom