Statens vegvesen

Utfordringsnotat for KVU E134–Bergen ute på høyring

Del
Statens vegvesen skal på bestilling frå Samferdselsdepartementet greie ut ulike konsept for ein vegarm mellom Bergen og E134.

Første steg av arbeidet består av eit utfordringsnotat som klargjer aktuelle omgrep og gjer greie for dei viktigaste utfordringane på strekninga. Statens vegvesen har no klart eit utkast til notat, som er sendt på høyring til fylkeskommunen, statsforvaltaren og kommunane i området

Til Samferdselsdepartementet før sommaren

Etter at aktuelle instansar har komme med høyringsinnspel, blir utfordringsnotatet sendt vidare til Samferdselsdepartementet som fastset mandatet for KVU-en.

– Vi håpar å kunna senda utfordringsnotatet til Samferdselsdepartementet i mai, fortel prosjektleiar Nils Magne Slinde.

– Arbeidet med sjølve utgreiinga vil ta til etter at vi har fått eit endeleg mandat frå Samferdselsdepartementet.

Statens vegvesen legg opp til at KVU-en skal vera ferdig i 2023, slik at han kan vera klar til neste rullering av Nasjonal transportplan.

Avgrensing og situasjonsskildring

Utfordringsnotatet avgrensar tema og område for konseptvalutgreiinga, og legg fram forslag til samfunnsmål, organisering og framdrift for arbeidet.

Notatet skildrar også situasjonen i området i dag – befolkning, næringsliv og samferdsel – og skisserer dei viktigaste utfordringane for planlegging av eit nytt vegsamband på strekninga.

I utgreiinga av aktuelle konsept for strekninga skal det mellom anna leggjast vekt på toppmåla i Nasjonal transportplan 2022-2033.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Dokumenter

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye