UiS fyller 18 med prisdryss og fokus på Iran

Del

Pressa er hjarteleg velkomen til Årsfest for Universitetet i Stavanger fredag 28. oktober klokka 13.00. Vi nyttar høvet til å sette søkelys på situasjonen i Iran og deler ut prisar for både forsking, innovasjon og læringsmiljø.

Nye doktorander på Årsfest 2021
Nye doktorander på Årsfest 2021

Den 29. oktober i 2004 fatta Kongen i statsråd vedtak om at Høgskulen i Stavanger skulle få universitetsstatus frå første januar året etter. Sidan den gong er oktoberdagen blitt markert på høgtideleg vis.

Etter nokre år med nedskalerte koronaversjonar av årsfesten er vi i år klare for å feire høgdepunkt og framifrå prestasjonar frå det siste året på storslått vis.

Tre prisar

I år er feiringa lagt til fredag 28. oktober, og som tidlegare år finn seremonien stad i universitetet si eiga storstove, Tjodhallen i Kjølv Egelands hus. Her vert det høgtideleg doktorpromosjon for å feire at 61 kandidatar har avlagt doktorgrad ved UiS det siste året.

Vi skal òg dele ut Lyse sin forskingspris, SR-bank sin innovasjonspris og Utdannings- og læringsmiljøprisen. I tillegg vert det taler og musikalske innslag frå dyktige studentar ved Fakultet for utøvande kunstfag og Stavanger studentsangforening.

Iran-forskar held tale

Årets festtalar er ein spennande og aktuell forskar. Marianne Hafnor Bøe er professor i religionsvitskap ved UiS og ekspert på islam og feminisme i Iran. Ho har mellom anna gjort feltarbeid blant kvinneaktivistar i Iran.

Ho følger situasjonen i landet tett, og har den siste tida kommentert opptøyane i Iran i media. Som hovudtalar på årsfesten vil ho sette kvinnekamp og opptøyane i Iran inn i eit større perspektiv.

Praktisk informasjon

Vil du følge med på seremonien, må du ta plass i salen seinast kl. 12.50. Nokre av setane vil bli reservert for journalistar. 

Det kan vere vanskeleg å parkere på UiS. Vi oppmodar til å reise bilfritt. 
Kart over campus – Tjodhallen.

Kontakter

Bilder

Nye doktorander på Årsfest 2021
Nye doktorander på Årsfest 2021
Last ned bilde

Lenker

Om Universitetet i Stavanger (UiS)

Universitetet i Stavanger (UiS)
Universitetet i Stavanger (UiS)
Postboks 8600
4036 Stavanger

51 83 10 00http://www.uis.no

Følg pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Stavanger (UiS) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)

Digitalisering i skolen: Positive lærere, økt læringsutbytte, men uklar begrepsbruk14.12.2022 10:05:13 CET | Pressemelding

Kunnskapssenter for utdanning (ved Universitetet i Stavanger) publiserer i dag sin sluttrapport som belyser digitalisering i norsk utdanningspolitikk, oppsummerer internasjonal forskning og gir et bilde av læreres opplevelse av digitalisering i grunnopplæring. Rapporten sammenfatter ett års arbeid med forskning og undersøkelser om digitalisering i grunnopplæringen i Norge, kalt GrunnDig-prosjektet.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom