Universitetet i Agder (UiA)

UiA-studentane er tilfredse med praksisgjennomføring

Del

Studentane er godt nøgde med Universitetet i Agder, og særleg med praksisperioden i arbeidslivet. Det viser ferske tal frå Studiebarometeret 2020.

Praksisperioden får særleg god skår frå UiA-studentane i Studiebarometeret 2020.
Praksisperioden får særleg god skår frå UiA-studentane i Studiebarometeret 2020.

– Vi er svært nøgde med at vi fekk så å seie alle studentane gjennom praksis i fjor vår og i haust. Pandemien gjorde det ekstra utfordrande. Suksessfaktorane har vore tett dialog mellom oss på UiA, studentane og praksisfeltet, seier Irene Gundersen.  

Ho er praksiskonsulent for Fakultet for helse- og idrettsvitskap, og har eit overordna ansvar for å få studentane ut i praksis hos ulike arbeidsgjevarar. 

Studentane på UiA meiner praksisperioden fortener poengsummen 4. Skalaen går frå 1 til 5, der 5 er best.  

I Studiebarometeret kjem det fram at studentane er særleg nøgde med tre forhold rundt praksisperioden:  

  1. at det passa inn i studieløpet
  2. at det gav læringsutbytte 
  3. at arbeidsoppgåvene var relevante for det dei studerer.

Studentane gir også god skår på informasjonen dei fekk i forkant av praksis. Dei blei godt budde på praksisperioden og fekk god rettleiing undervegs. Dei sette òg pris at studieprogramma la opp til gjennomgang og refleksjon etter praksisperioden. 

– Vi er glade for at studentane har hatt ei god oppleving av praksisen. Det har vore mange utfordringar underveis, men vi har møtt velvilje både hos studentane og kontaktpersonane på sjukehusa og i kommunane i Agder, seier Gundersen.

Sjå også nyheitsak om praksissuksessen frå i vår her.  

Årleg undersøking

Studiebarometeret er ei nasjonal spørjeundersøking. Ho blir sendt ut til over 60 000 studentar i andre og femte år ved universiteta og høgskulane i landet kvar haust. Omkring 30 000 har svart. 

Undersøkinga vil vite korleis studentane opplever læringsmiljø og kvalitet i studieprogramma ved høgskular og universitet. Formålet med undersøkinga er å styrke arbeidet med kvalitetsutvikling i høgare utdanning og gi nyttig informasjon om studiekvalitet. Bak barometeret står Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Kunnskapsdepartementet.  

Sjå NOKUT si sak om undersøkinga her.

Sjå rapport med resultatar frå nasjonal undersøkelse her

Toppskår for helse og idrett

Ved masterstudiet i helse- og sosialinformatikk ved Fakultet for helse- og idrettsvitskap er dei studentane som har svart på undersøkinga 100 prosent nøgde. Studentane svarte då på det overordna spørsmålet: På ein skala frå 1-5; Eg er, alt i alt, tilfreds med studieprogrammet eg går på.

- Vi er veldig nøgde med ein slik skår. Dette er eit program vi har arbeidd med i mange år, seier Anders Johan W. Andersen, dekan ved UiAs Fakultet for helse- og idrettsvitskap. 

Studieprogrammet er eit deltidsstudium over tre år. Dei fleste studentane kombinerer studiet med arbeid innan informasjonsteknologi i helse- og sosialsektoren.

- Studiet er tverrfagleg, og det trur eg er ein av suksessfaktorane. I tillegg blir studentane invitert til tett samarbeide med UiAs prioriterte forskingssenter i e-helse, seier Andersen. 

Studiet er eit samarbeid mellom Fakultet for helse- og idrettsvitskap, Fakultet for teknologi og realfag og Fakultet for samfunnsvitskap. 

Skårane til alle UiAs studieprogram har vore ganske stabile i dei åtte åra undersøkinga er gjennomført. 2020 er ikkje noko unntak. I 2020 får studieprogramma på UiA igjen ein overordna skår på tilfredsheit på 4 av 5 moglege. 

Korona

Koronasituasjonen prega fjorårets to semester og har derfor også vore ein del av undersøkinga for 2020. 

Studentane seier at dei i snitt lærer meir når dei får fysisk undervisning enn når undervisninga går føre seg digitalt. Her samsvarer Studiebarometeret med ei fersk studieundersøking på UiA.

Studentane oppgir at dei saknar fysisk undervising, medstudentar og forelesarar. Dei meiner det er særleg utfordrande å byggje faglege og sosiale kontaktar ved digital undervising. 

Arbeidslivsrelevans

Studentane har også svart på i kva grad dei meiner studia gir dei ei tilknyting til arbeidslivet. Det er stor variasjon mellom studieprogramma, men svara viser at mange program opplever lite kontakt med arbeidslivet, og i liten grad har involvert bedrifter i undervisinga. 

- Det var liknande resultat i fjorårets undersøking, og her skulle eg ønske at resultata var betre. På dette området må vi arbeide vidare for å bli flinkare, seier Gøril Hannås, viserektor for samfunnskontakt og nyskaping ved UiA. 

Hannås peiker på at det er tatt grep for betre samskaping med næringslivet i regionen. Mellom anna er det nyleg inngått strategiske samarbeidsavtalar med NODE, EYDE, Næringsforeiningane i Agder og NHO Agder. 

- Avtalane gir oss ein moglegheit for å invitere arbeidslivet inn på campus, og kople studentane på arbeidslivet underveis i programma. Arbeidslivsrelevans er ikkje berre praksis. Gjesteforelesingar, bedriftsbesøk, casestudiar, og prosjektoppgåver med problemstillingar frå arbeidslivet er óg viktige verktøy for å gi studentane ei oppleving av at utdanninga dei tar gir jobbmoglegheiter når dei er ferdig, seier Hannås. 

Omkring halvparten av studentane seier at dei får god informasjon om korleis kompetansen kan bli brukt i arbeidslivet og kva yrke som er relevante. 32 prosent svarer at dei får høve til å arbeide med prosjekt eller oppgåver i samarbeid med arbeidslivet. 

- Vi er gode på enkelte studiar, men har ikkje fått nådd over alle. Vi arbeider med samarbeid med næringslivet kvar dag. 2020 har vore eit vanskeleg år der studentane har hatt færre moglegheiter til å treffe bedrifter fysisk. På ei anna side kan det vere ennå enklare å trekke arbeidslivet inn i digital undervising, seier Hannås. 

Det er i hovudsak dei teoritunge studia som skårar lågt på tilknyting til arbeidslivet. Studieprogram som lærar- og sjukepleieutdanninga der kontakt med arbeidslivet ligg i rammeplanen, skårar høgare.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Praksisperioden får særleg god skår frå UiA-studentane i Studiebarometeret 2020.
Praksisperioden får særleg god skår frå UiA-studentane i Studiebarometeret 2020.
Last ned bilde
Irene Gundersen er praksiskonsulent for Fakultet for helse- og idrettsvitskap.
Irene Gundersen er praksiskonsulent for Fakultet for helse- og idrettsvitskap.
Last ned bilde
Anders Johan W. Andersen er dekan ved UiAs Fakultet for helse- og idrettsvitskap.
Anders Johan W. Andersen er dekan ved UiAs Fakultet for helse- og idrettsvitskap.
Last ned bilde
Gøril Hannås er viserektor for samfunnskontakt og nyskaping ved UiA
Gøril Hannås er viserektor for samfunnskontakt og nyskaping ved UiA
Last ned bilde

Om Universitetet i Agder (UiA)

Universitetet i Agder (UiA)
Universitetet i Agder (UiA)
Postboks 422
4604 Kristiansand

38 14 10 00http://www.uia.no

Følg saker fra Universitetet i Agder (UiA)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Agder (UiA) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Universitetet i Agder (UiA)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom