NRK

«Ueinig» – nytt debattprogram på NRK

Del
I «Ueinig» vil programleiar Ingunn Solheim at vi skal bli betre på å vere ueinige. Kan ho få motpolar i harde og fastlåste debattar til å forstå kvarandre betre?
Programleiar Ingunn Solheim er tilbake med nye debattar i «Ueinig». Kommunikasjonsrådgjevar i Amnesty Norge, Varin Hiwa, og redaktør for Subjekt, Danby Choi, diskuterar ytringsfridom i fyrste episode.  Foto: ERIK BURAAS / NRK

I debattprogrammet «Ueinig», som har premiere 9. november på NRK, møtast dei som står langt frå kvarandre i polariserte debattar om rusreform, ytringsfridom og straumprisar.

Debattreglane er endra og programleiaren skal sjå om ho kan få deltakarane til å nærme seg kvarandre – i staden for å auke avstanden mellom dei.

Deltakarane må blant anna stille kvarandre spørsmål og forsøke å lytte til kvarandre.

– Målet er både at sjåaren kan forstå kva dei ulike ståstadane handlar om og kvifor nokre debattar blir så harde og polariserte, fortel programleiar Ingunn Solheim.

Den erfarne programleiaren har eit brennande ønske om å få ta debattar eit steg vidare.

– Nokre gonger handlar det om å avklare kva dei faktisk er einige og ueinige om. Andre gonger handlar det om å rydde i eit spel der dei mistenkeleggjer kvarandre sine motiv for å skape meir konflikt enn det er grunnlag for, fortel ho.

Dei engasjerte

I «Ueinig» møter vi både unge engasjerte, samfunnstoppar, folk frå organisasjonar og politikarar.

– Vi ønskjer å fornye tv-debatten. Når deltakarane klarar å lytte til kvarandre så endar dei med å sei andre ting enn dei vanlegvis gjer. Då blir det enklare og meir spennande å følgje med, seier Solheim.

«Ueinig» er byggjer vidare på debattprogrammet «Einig?» frå valkampen i 2019. Denne gongen er det ikkje berre politikarar med og programleiaren er tilbake.

– Vi har gjort eit forsøk, men lovar ikkje revolusjon. Det er vanskeleg for mange å gå frå ein slags idè om å stå bak ein talarstol og avlevere argument, til å oppføre seg som ein er i ein samtale der ein er nysgjerrige på kvarandre, fortel programleiaren

Solheim meiner politikarane klarar denne oppgåva dårlegast. Og her kjem ho med eit hjartesukk.

– Mange norske politikarar seier dei fryktar polarisering, mellom anna forstått som elleville kommentarfelt der folk byggjer opp fiendebilde, og snakkar om “tonen i debatten” som eit problem. Men i praksis viser det seg å vere vanskeleg for dei å endre stil sjølve. Det verkar som dei held fast på ei gammal oppskrift om å sei det dei har tenkt å sei på førehand, det trur eg ikkje når heim hos mange sjåarar, fortel Solheim.

Tre betente tema

Førebels har redaksjonen laga tre episodar, «Ytringsfridom», «Rusreforma» og «Straum».

– Det har vore vanskelegare enn vi trudde å få folk som er veldig ueinige til å møtast ansikt til ansikt. I episoden om rus sa nestleiar i Norsk Narkotikapolitiforeining, Geir Evanger, i utgangspunktet nei til å møte leiaren i RIO, Kenneth Arctander. Men han ombestemte seg og eg trur framleis han meiner det var verdt det, fortel Solheim.

Episoden om straumpriskrisa er eit forsøk på å hjelpe sjåaren i å forstå kvifor dette temaet blir så betent og polarisert, i staden for å leite etter konkrete løysingar.

– Vi i redaksjonen lurte veldig på om politikarane eigentleg berre brukar denne saka og krisa til eit retorisk spel der målet er å vinne veljarar. Begge sider skuldar kvarandre for å ikkje forstå kva det handlar om og kva årsaka til dei høge straumprisane er, det gjer det jo veldig vanskeleg å vite kva ein skal tru på.

I episoden om ytringsfridom møttest fire personar, alle under 40 år.

– Mange tenkjer nok at ytringsfridomsdebattar fort blir høgtsvevande og diffuse. Men eg opplevde at deltakarane lytta til kvarandre, nokre endra oppfatning av kvarandre undervegs, diskusjonen vart ganske konkret og den tok stadig nye steg vidare. Dei er og blir ueinige om ein del, men dei viste genuin interesse for kvarandre, avsluttar ho.

«Ueinig» har premiere 9. november på strøymetenesta NRK TV og på NRK1.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Programleiar Ingunn Solheim er tilbake med nye debattar i «Ueinig». Kommunikasjonsrådgjevar i Amnesty Norge, Varin Hiwa, og redaktør for Subjekt, Danby Choi, diskuterar ytringsfridom i fyrste episode.  Foto: ERIK BURAAS / NRK
Programleiar Ingunn Solheim er tilbake med nye debattar i «Ueinig». Kommunikasjonsrådgjevar i Amnesty Norge, Varin Hiwa, og redaktør for Subjekt, Danby Choi, diskuterar ytringsfridom i fyrste episode. Foto: ERIK BURAAS / NRK
Last ned bilde
Ingunn Solheim er programleiar for NRKs nye debattprogram «Ueinig» Foto: NRK
Ingunn Solheim er programleiar for NRKs nye debattprogram «Ueinig» Foto: NRK
Last ned bilde
Programleiar for «Ueinig», Ingunn Solheim (t.h), sammen med Elisabeth Sæther, statssekretær i Olje- og energidepartementet (Ap) og Ola Svenneby, leiar i Unge Høgre, i episoden om straumprisar. Foto: DAVID DUNDAS / NRK

Ingunn Solheim er programleiar for NRKs nye debattprogram «Ueinig» Foto: Erik Buraas/NRK

I fyrste episode som handlar om ytringsfridom, møtest frå venstre, Jamal Sheik som driftar instagramkontoen Rasisme i Norge, Varin Hiwa som er kommunikasjonsrådgjevar i Amnesty Norge, programleiar Ingunn Solheim, journalist Lars Akerhaug og Danby Choi, redaktør i Subjekt.

FOTO: ERIK BURAAS / NRK
I fyrste episode som handlar om ytringsfridom, møtest frå venstre, Jamal Sheik som driftar instagramkontoen Rasisme i Norge, Varin Hiwa som er kommunikasjonsrådgjevar i Amnesty Norge, programleiar Ingunn Solheim, journalist Lars Akerhaug og Danby Choi, redaktør i Subjekt. FOTO: ERIK BURAAS / NRK
Last ned bilde
Diskuterar straum: f.h. Jan Petter Sissener, investor,
Mímir Kristjánsson, stortingsrepresentant Raudt,
Elisabeth Sæther, statssekretær Olje- og energidepartementet (Ap) og Ola Svenneby, leiar i Unge Høgre. I midten programleiar Ingunn Solheim
Diskuterar straum: f.h. Jan Petter Sissener, investor, Mímir Kristjánsson, stortingsrepresentant Raudt, Elisabeth Sæther, statssekretær Olje- og energidepartementet (Ap) og Ola Svenneby, leiar i Unge Høgre. I midten programleiar Ingunn Solheim
Last ned bilde
Geir Evanger, nestleiar i Norsk Narkotikapolitiforeining, og Kenneth Arctander, leiar for brukarorganiasjonen RIO, diskuterar rusreforma andre episode av programmet.

FOTO: ERIK BURAAS / NRK
Geir Evanger, nestleiar i Norsk Narkotikapolitiforeining, og Kenneth Arctander, leiar for brukarorganiasjonen RIO, diskuterar rusreforma andre episode av programmet. FOTO: ERIK BURAAS / NRK
Last ned bilde
Ingunn Solheim er programleiar for NRKs nye debattprogram «Ueinig» Foto: NRK
Ingunn Solheim er programleiar for NRKs nye debattprogram «Ueinig» Foto: NRK
Last ned bilde
I fyrste episode som handlar om ytringsfridom, møtest frå venstre, Jamal Sheik som driftar instagramkontoen Rasisme i Norge, Varin Hiwa som er kommunikasjonsrådgjevar i Amnesty Norge, programleiar Ingunn Solheim, journalist Lars Akerhaug og Danby Choi, redaktør i Subjekt.

FOTO: ERIK BURAAS / NRK
I fyrste episode som handlar om ytringsfridom, møtest frå venstre, Jamal Sheik som driftar instagramkontoen Rasisme i Norge, Varin Hiwa som er kommunikasjonsrådgjevar i Amnesty Norge, programleiar Ingunn Solheim, journalist Lars Akerhaug og Danby Choi, redaktør i Subjekt. FOTO: ERIK BURAAS / NRK
Last ned bilde

Lenker

Om NRK

NRK
NRK
Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1
0340 Oslo

23 04 70 00http://www.nrk.no

Som allmennekringkaster skal NRK fylle viktige sosiale, kulturelle og demokratiske behov i det norske samfunnet. NRK tilbyr et bredt og variert medietilbud for det norske publikum gjennom NRK.NONRK TVNRK Radio, fem TV-kanaler og 14 radiokanaler. Nær ni av ti nordmenn tar daglig del i innhold fra NRK på en eller flere plattformer.

Følg pressemeldinger fra NRK

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra NRK

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye