Statens vegvesen

Tyrvefjøra rasteplass langs Nasjonal turistveg Hardanger i ny drakt

Del
Fredag 3. juni klipper Statens vegvesen snora til ein ny særeigen installasjon i turistvegfamilien. Det nye servicebygget langs fv. 79 er inspirert av omgjevnadene.
Tyrvefjøra - Foto Lage Bakken
Tyrvefjøra - Foto Lage Bakken

Med servicebygget sin særeigne og spesielle arkitektur har Helen & Hard arkitektar gitt rasteplassen i Indre Ålvik ny identitet. I tillegg til naturen på staden har arkitektane utforska geologien med sine sediment, sprekkar og foldar.  

-Vi ønskte å understreke dei intime og nesten hemmelege kvalitetane til plassen ved å byggje toaletta som ein del av landskapet, fortel arkitekt Karen Jansen Helen & Hard.

Resultatet er eit bygg beståande av tilverka furustammar og betong. Trestammane er henta frå området langs Hardangerfjorden. Dei to bygningskroppane under den felles takkonstruksjonen har eit standard toalett og eit HC-toalett, i tillegg til teknisk rom. Taket er ein betongkonstruksjon med tilslag av grus og rullesteinar.

Peder Nernæs på Horda Tre AS gjekk i gang med gravemaskin og godt mot etter å ha fått oppdraget:

-Vi måtte ut i skogen og velte tre med maskin for å få opp den rette rota med riktig vinkel, fortel han. Etter reinsing, kløyving, vasking, tørking og impregnering sette ein saman modular av 4 – 5 stammar med festejern som vart heiste på plass og impregnerte på nytt med treolje.

Torgeir Næss, ordførar i Kvam herad meiner det nye bygget er utradisjonelt, men òg delvis bygt med tradisjonelle og lokale materiale:

-Møtet mellom modernitet og tradisjon er eit godt bilete på Ålvik. I Kvam lever og bur me i eventyrlege omgjevnader. Me likar å dele denne opplevinga med andre som er på veg gjennom kommunen, fortel ordføraren i Kvam.

Opningsseremonien for Tyrvefjøra nye rasteplass byrjar kl.1300, fredag 3. juni.

Arkitekt: Helen & Hard Arkitekter / Entreprenør: Brun Bygg AS / Byggherre: Statens vegvesen / Fullført: 2022

Kontakter

Per Ritzler, mediekontakt Nasjonale turistvegar.
E-post: per.ritzler@vegvesen.no. Tlf: 91 10 44 80
Silje Myhre Amundsen, strekningsansvarleg for Nasjonal turistveg Hardanger.
E-post: silje.amundsen@vegvesen.no. Tlf: 975 22 979

Bilder

Tyrvefjøra - Foto Lage Bakken
Tyrvefjøra - Foto Lage Bakken
Last ned bilde
Tyrvefjøra - Foto Karen Jansen
Tyrvefjøra - Foto Karen Jansen
Last ned bilde
Tyrvefjøra - Foto Harald Christian Eiken
Tyrvefjøra - Foto Harald Christian Eiken
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye