TV-aksjonen 2019: Her er årets programleiarar
Søndag 20. oktober er det igjen klart for TV-aksjonen. Inntektene i år går til Cares arbeid for å skape betre liv for kvinner i nokre av verdas fattigaste land.
– Det er heilt magisk å vere med på TV-aksjonen. Med 100.000 bøsseberarar over heile landet er ikkje dette berre eit enormt nasjonalt prosjekt, det er verdas største dugnad. Det å få vere med på noko så stort er ein draumejobb, seier Ingrid Gjessing Linhave.
Årets slagord er «No er det hennar tur». Med pengane frå årets TV-aksjon skal CARE gi 400.000 kvinner opplæring i å starte eiga bedrift, få eiga inntekt, moglegheit til å spare og låne pengar, rett til å bestemme over eigen kropp, og til å delta og bli høyrt i politikken og i lokalsamfunnet. Dette vil gi ringverknader for meir enn 1,5 millionar menneske.
– Årets sak er ikkje noko «quick fix».Det handlar om langsiktige, berekraftige løysingar som det tek tid å få fram, seier Mikkel Niva. Han har vore på reise i Rwanda, og sendinga vil by på reportasjar frå turen.
– Eg har sett med eigne auge kor viktig dette arbeidet er, og det håper eg verkeleg vi klarer å få fram, seier Niva.
Inntektene frå TV-aksjonen vil gå til Care i Niger, Mali, Den demokratiske republikken Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afghanistan, Jordan og Palestina.
Også Robert Stoltenberg har vore på reportasjereise, for hans del gjekk turen til Myanmar.
– Det går knapt ein dag utan at eg tenker på folk eg møtte der. Mange har det svært vanskeleg, og eg vart imponert over motet dei utviser, seier Stoltenberg, som dei fleste kjenner som enten «Jeanette», «Narvestad» eller ein anna komisk karakter.
– Humor er kjempeviktig, men det er faktisk litt deilig å ikkje skulle få folk til å le, men heller til å hjelpe andre.Det er veldig meiningsfullt, og eg kjenner meg privilegert som har fått oppgåva som programleiar for ei så god sak som Cares arbeid, seier Stoltenberg.
Les meir om årets TV-aksjon og om Cares arbeid på www.blimed.no.
P3aksjonen 10 år
Også i år samlar NRK P3 inn pengar til årets TV-aksjon gjennom P3aksjonen. Ronny Brede Aase, Markus Neby, Adelina Ibishi og Tete Lidbom er vertskap for dei 100 timane med direktesendt radio frå Solsiden i Trondheim, der den eine ville utfordringa etter den andre ventar. P3aksjonen har 10-årsjubileum i år, og programleiarane er villige til å gå sine verste mareritt i møte for ein verdig prislapp. Meir om P3aksjonen her: https://p3.no/hundre-timer-eufori/
Slik kan du bidra
- Bli bøsseberar: Alle som er over 18 år kan registrere seg som bøsseberar påwww.blimed.no. Kvart år treng TV-aksjonen 100.000 frivillige bøsseberarar for å kunne besøke dei 2,3 millionane husstandane i landet.
- Bøsse: Bøsseberarane er ute og går over heile landet mellom kl. 16 og 18 søndag 20. oktober. Deitek imot både kontanter og bidrag via Vipps. Kvar bøsse har sitt eige vipps-nummer slik at bidraget blir registrert på kommunen din.
Vipps:Det vil også vere mulig å vippse på aksjonsdagen frå kl. 18.00. Nummeret ligg på blimed.no - Telefon: Ring 822 06 006 (250 kroner). Telefonlinja opnar på aksjonsdagen etter at bøsseberarane har gått.
- Konto: Valfri sum kan settast inn på8380.08.09005
- Start eiga innsamling: På nettsidene www.blimed.no og www.spleis.nogår det an å opprette sin eigen innsamlingsaktivitet eller -aksjon til inntekt for TV-aksjonen.
- Bedrifter, organisasjonar, skuler, barnehagar og trussamfunn o.l: Kan gi bidrag ved å fylle ut skjemaet på www.blimed.no
- Det er mogleg å gi ut heile desember
- Det er mogleg å gi pengesetlar som er gått ut.
Fakta om TV-aksjonen
TV-aksjonen er blitt gjennomført kvart år sidan 1974 og er blitt ein tradisjon i Norge. Aksjonen er verdas største innsamlingsaksjon målt i innsamla kroner per hovud og talet på frivillige.Les meir om årets TV-aksjon og om Cares arbeid på www.blimed.no.
Kontakter
Prosjektleiar: Camilla Øyen Langfeldt - 92835320
Kommunikasjonsansvarlege:
Svend Andreas Aspaas - 46474893
Marit Holmquist Fenne - 92041773
Bilder
Om NRK
NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.
Følg pressemeldinger fra NRK
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra NRK
Martin Beyer-Olsen med ny podkast4.4.2024 09:53:28 CEST | Pressemelding
Martin Beyer-Olsen kommer med en ny podkastserie på NRK Radio, «Norsk standup – Hva er vitsen?». Her guider han lytterne gjennom historien til sjangeren som har definert norsk humor de siste tiårene.
Kun norsk og samisk musikk på NRKs radiokanaler3.4.2024 10:11:55 CEST | Pressemelding
I anledning utdeling av Spellemannprisen torsdag 4. april, ønsker NRK å hedre norske og samiske artister, musikere, komponister og produsenter ved kun å spille norsk og samisk musikk gjennom hele dagen.
De skal lede «Festen etter fasten»22.3.2024 10:27:53 CET | Pressemelding
Hani Hussein, Erik Solbakken og Amir Horori leder årets «Festen etter fasten» på NRK. Programlederne skal besøke flere forskjellige id-feiringer i løpet av sendingen.
Karsten Blomvik blir ny programleder i «Alle mot 1»22.3.2024 07:39:09 CET | Pressemelding
Selda Ekiz og Selma Ibrahim får en ny kollega i «Alle mot 1» til høsten. Karsten Blomvik tar en pause fra «P3morgen» for å bli ny programleder.
Kjemper om å bli Virtuos 202421.3.2024 13:58:53 CET | Pressemelding
Fem unge musikere konkurrerer om å vinne NRKs solistkonkurranse Virtuos. Finalen sendes direkte på NRK1 6. april og ledes av Mari Lunnan.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom