Medietilsynet

TV 2, VGTV, Dagbladet og Se & Hør braut reglar om aldersgrenser – får åtvaring

Del
Medietilsynet gir TV 2 åtvaring for å ha sett for låge aldersgrenser på fleire filmar og program. I tillegg får VGTV, Dagbladet og Se og Hør si strøymeteneste seher.no kvar si åtvaring for ikkje å ha sett aldersgrenser på program dei etter reglane skulle ha sett aldersgrenser på.
Det er første gongen Medietilsynet gir sanksjon etter brot på reglane om aldersgrenser i biletprogramlova. Foto Medietilsynet
Det er første gongen Medietilsynet gir sanksjon etter brot på reglane om aldersgrenser i biletprogramlova. Foto Medietilsynet

Brota blei avdekte av Medietilsynet da tilsynet kontrollerte program og filmar retta mot barn og unge på dei norske strøymetenestene TV 2 play, VGTV, Dagbladet TV og seher.no. Det er første gongen Medietilsynet gir sanksjon etter brot på reglane i biletprogramlova etter den trådte i kraft i 2015.

– Vi forventar at profesjonelle aktørar som TV 2, VGTV, Dagbladet og Se & Hør er godt kjende med regelverket og har gode rutinar for å sette aldersgrenser etter reglane. Alle får derfor ei åtvaring, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Viktig med riktig aldersgrense på innhald retta mot barn

Medietilsynet meiner det er spesielt viktig at filmar og program retta mot barn har riktig aldersgrense. Feil merking av aldersgrenser fører også til at program som kan verke skremmande for barn under seks år, er tilgjengelege for alle på TV 2 play sjølv om foreldrekontrollen er aktivert.

– Vi har fleire gonger vore i dialog med TV 2 om feil merking av aldersgrenser, i tillegg har vi gitt generell rettleiing og opplæring om regelverket. Vi meiner det er riktig å gi sanksjon, men fordi TV 2 no har tatt grep for å sikre at reglane blir følgde, og har endra merkinga på dei kontrollerte programma, gir vi berre ei åtvaring, seier Sekkelsten.

Fleire program utan aldersgrenser på VGTV, Dagbladet TV og seher.no 

VGTV, Dagbladet og Se & Hør får åtvaring fordi dei, slik Medietilsynet vurderer det, ikkje har merkt eller sett aldersgrenser på ein systematisk måte på programma sine.

– Vi meiner VGTV, Dagbladet og Se & Hør burde ha gode rutinar på å sette aldersgrenser. Men fordi dei har skjerpa rutinane sine, endra aldersmerkinga på dei kontrollerte programma og gjort forbetringar som skal sikre at dette ikkje skal skje igjen, gir vi berre ei åtvaring, seier Sekkelsten.

Les meir om reglane for aldersgrenser her

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Det er første gongen Medietilsynet gir sanksjon etter brot på reglane om aldersgrenser i biletprogramlova. Foto Medietilsynet
Det er første gongen Medietilsynet gir sanksjon etter brot på reglane om aldersgrenser i biletprogramlova. Foto Medietilsynet
Last ned bilde

Om Medietilsynet

Medietilsynet
Medietilsynet
Nygata 4
1607 Fredrikstad

69 30 12 00http://www.medietilsynet.no

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye