Statens vegvesen

TURISTVEGANLEGGET GJENDE FULLFØRT i 2023

Del

Statens vegvesen reiser no eit nytt arkitektteikna servicebygg på Gjendeosen langs Nasjonal turistveg Valdresflye. Bygget kompletterer storsatsinga på Gjende, som ein av dei store norske turistattraksjonane som får eit solid løft gjennom turistvegprogrammet til Statens vegvesen. Målet med satsinga er å styrke norsk reiseliv sin konkurransekraft lokalt, regionalt og nasjonalt.

Illustrasjon Gjendeosen 1 - Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
Illustrasjon Gjendeosen 1 - Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL

Fullføringa av turistveganlegget ved Gjende består av eit nytt servicebygg med kiosk, café, offentlege toalett samt kjøkken, lager, personalrom og tekniske rom. Det omkringliggjande utearealet skal opparbeidast enkelt og estetisk.

Bygget blir på ca. 350 kvadratmeter og består av trekonstruksjonar med tre og glas i fasadane og tak med trepanel. Grunnmuren og dekket er støypt. Det neste er å få opp veggene og takkonstruksjonen. Kostnadsramma for servicebygget er på 45 - 50 mill.kr, finansiert med turistvegmidlar. Det nye servicebygget skal stå ferdig i 2023.

Med det nye bygget blir turistveganlegget på Gjendeosen fullført frå Statens vegvesen si side og ein komplett fjellterminal for dei mange besøkande frå inn- og utland, over 60.000 berre i sommar. Dei fleste av desse tek båten innover Gjendevatnet for å gå og oppleva Besseggen.

I den første byggefasen til og med 2019 blei det etablert ei ny solid brygge for Gjendebåten med eit funksjonelt lagerbygg og med ei utforming som praktisk og visuelt støttar opp om stemninga og behova på staden. Hovudparkeringa på Gjendeosen blei flytta til ein utvida parkeringsplass på Reinsvangen, som blei utstyrt med eit servicebygg med toalett og sykkelparkering supplert med ein liten kiosk/kvilebu. Med det nye servicebygget vil Gjendeosen med sin særprega arkitektur stå fram som ein heilskapleg attraksjon.

Utbygginga ved Gjende saman med fullføring av prosjekta ved Vøringsfossen langs Nasjonal turistveg Hardangervidda og Torghatten på Helgelandskysten er dei største tiltaka som inngår i satsinga på Nasjonale turistvegar dei kommande åra. Dei andre store attraksjonane som så langt er fullført er Trollstigen og Gudbrandsjuvet langs Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen, Steinsdalsfossen i Hardanger, Allmannajuvet i Ryfylke, Eldhusøya langs Atlanterhavsvegen og Steilneset i Varanger. 

Byggherre: Statens vegvesen

Arkitekt: Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL

Entreprenør: Brun Bygg AS

www.nasjonaleturistveger.no

Kontakter

Werner Harstad, sjefsarkitekt i Statens vegvesen, Nasjonale turistvegar. Tel: 95276094.
E-post: werner.harstad@vegvesen.no

Per Ritzler, media og internasjonale kontaktar i Statens vegvesen, Nasjonale turistvegar.
Tel: 91104480. E-post: per.ritzler@vegvesen.no

Bilder

Illustrasjon Gjendeosen 1 - Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
Illustrasjon Gjendeosen 1 - Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
Last ned bilde
Illustrasjon Gjendeosen 2 - Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
Illustrasjon Gjendeosen 2 - Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
Last ned bilde
Modellfoto Gjendeosen Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
Modellfoto Gjendeosen Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom