Statens vegvesen

Turistveganlegget Gjende fullført i 2023

Del

Statens vegvesen går nå i gang med siste byggetrinn på Gjendeosen, langs Nasjonal turistveg Valdresflye. Gjende er ein av ti store turistattraksjonar som får eit solid løft gjennom Statens vegvesen sitt arbeid med Nasjonale turistvegar. Målet med satsinga er å styrke norsk reiseliv sin konkurransekraft lokalt, regionalt og nasjonalt

Illustrasjon Gjendeosen 1 - Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
Illustrasjon Gjendeosen 1 - Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL

Fullføringa av turistveganlegget ved Gjende består av eit nytt servicebygg med kiosk/café med kjøkken, nødvendige lagerrom, personalrom, tekniske rom og toalettanlegg. Omkringliggjande uteareal skal opparbeidast enkelt og estetisk. Kostnadsramma for byggefase 2 er på 45 - 50 mill.kr, finansiert med turistvegmidlar.

Det nye bygget blir på ca. 350 kvadratmeter og består av trekonstruksjoner med tre og glas i fasadane og tak med trepanel, i same stil som bygga på Gjende og Reinsvangen som blei tekne i bruk i 2019.

Dagens kioskbygg skal rivast når det nye bygget er på plass, men skal drivast som tidlegare i 2022. Anleggsområdet vil bli gjerda inne og jobben gjennomført med vekt på å avgrensa ulempene for publikum og næringsaktørane.

Med det nye terminalbygget blir Gjende betydelig oppgradert og ein komplett fjellterminal for dei mange titusen besøkande frå inn- og utland. I den første byggefasen blei det etablert ei ny solid brygge for Gjendebåten med eit funksjonelt lagerbygg og med ei utforming som støttar opp om stemninga på staden. Utfartsparkeringa på Gjendeosen blei flytta til ein utvida parkeringsplass på Reinsvangen, som blei utstyrt med eit servicebygg med toalett og sykkelparkering.

Utbygginga ved Gjende saman med fullføring av prosjekta ved Vøringsfossen langs Nasjonal turistveg Hardangervidda og Torghatten på Helgelandskysten er dei største tiltaka som inngår i satsinga på Nasjonale turistvegar dei kommande åra

Byggherre: Statens vegvesen

Arkitekt: Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL

Entreprenør: Brun Bygg AS

www.nasjonaleturistveger.no

Kontakter

Werner Harstad, sjefsarkitekt i Statens vegvesen, Nasjonale turistvegar. Tel: 95276094.
E-post: werner.harstad@vegvesen.no

Lage Bakken, byggeleiar i Statens vegvesen, Nasjonale turistvegar. Tel: 91819698.
E-post: lage.bakken@vegvesen.no

Bilder

Illustrasjon Gjendeosen 1 - Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
Illustrasjon Gjendeosen 1 - Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
Last ned bilde
Illustrasjon Gjendeosen 2 - Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
Illustrasjon Gjendeosen 2 - Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
Last ned bilde
Illustrasjon Gjendeosen 3 - Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
Illustrasjon Gjendeosen 3 - Knut Hjeltnes Sivilarkitekter MNAL
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom