Skatteetaten

Troms: No er skattemeldinga sendt til alle – 8 av 10 ligg an til å få igjen på skatten

Del

Skatteetaten har no sendt skattemeldinga til 4,9 millionar personar. – Husk å sjekke at opplysningane stemmer og fyll ut det som manglar, slik at du betalar rett skatt, oppfordrar divisjonsdirektør i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal.

No er er skattemeldinga sendt til alle –  8 av 10 ligg an til å få igjen på skatten
No er er skattemeldinga sendt til alle – 8 av 10 ligg an til å få igjen på skatten

Pressemelding på bokmål

I Troms har 94 000 personar fått foreløpig skatt til gode på i gjennomsnitt 11 500 kroner, mens 25 000 har fått ein foreløpig restskatt på 18 400 kroner i gjennomsnitt.

Mellom 18. og 31. mars har dei fleste lønnstakarar og pensjonistar fått ei heilt ny digital og enklare skattemelding. Næringsdrivande og dei som får skattemeldinga på papir får den i kjent format. Skattemeldinga er førehandsutfylt med mange opplysningar om inntekt, formue, bustad, gjeld og frådrag. Men det er framleis opplysningar du sjølv må fylle inn i skattemeldinga, for eksempel ekstra inntekter eller verdiar i andre land.

Tidlegare skatteoppgjer

8 av 10 lønnstakarar og pensjonistar ligg an til å få skatt til gode ifølge den foreløpige skatteberekninga.

– Har du skatt til gode og leverer den nye skattemeldinga på skatteetaten.no, kan du få skatteoppgjeret og pengane på konto innan eit par veker etter at du har levert, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.

2,8 millionar skattytarar får tilbake til saman 33,7 milliardar kroner på skatten, viser den foreløpige skatteberekninga.

Tidlegare har skatteoppgjeret kome mellom slutten av juni og oktober. Det nye systemet gjer det mogleg å få utbetalt skatt til gode tidlegare, men det er likevel nokre vilkår:

  • Du har fått ny skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar
  • Du og eventuell ektefelle må trykke på knappen for å sende inn skattemeldinga
  • Du må ha skatt til gode
  • Skattemeldinga di må ikkje ha blitt tatt ut til kontroll

Foreløpige tal viser at 822.000 personar, som tilsvarar to av ti skattytarar, får restskatt på til saman 20,5 milliardar kroner.

– Dersom du må betale restskatt, får du skatteoppgjeret tidlegast i juni. Det gjeld også dei som ikkje sender inn skattemeldinga, det vil seie at du lar den bli levert automatisk ved fristen, forklarar divisjonsdirektøren.

Årleg skattesjekk

Skatteetaten får stadig meir informasjon om deg, men du er sjølv ansvarleg for å gi fullstendige opplysningar som blir brukt til å berekne skatten. Du er ansvarleg for at skattemeldinga er fullstendig og korrekt også viss du brukar leveringsfritak.

– Eg oppfordrar alle til å sjekke tala nøye og samanlikne dei med årsoppgåver frå til dømes bank, kommune, arbeidsgivar og burettslag. Tenk også gjennom om du har ekstra verdiar som skal rapporterast, eller frådrag du har krav på, seier Gjengedal.

– Det er endå enklare å sjekke og endre opplysningar i den nye skattemeldinga. Det kan lønne seg å bruke ein halvtime på denne årlege skattesjekken og sørge for at du har alt på stell, seier divisjonsdirektøren.

Vi hjelper deg

I skattemeldinga får du rettleiing og enkelte svar undervegs. I tillegg finn du alt frå reisekalkulator til frådragsrettleiar på skatteetaten.no. Har du spørsmål, får du raskast hjelp viss du kontaktar oss på chat, Facebook/skatten min eller telefon. Skattekontora er for tida stengt for publikum for å redusere risiko for virusspreiing.

Leveringsfrist

Frist for innlevering av skattemeldinga er 30. april for lønnstakarar og pensjonistar, og 31. mai for næringsdrivande. Næringsdrivande må levere skattemeldinga elektronisk.

Viss du treng meir tid til å sjekke skattemeldinga di, kan du utsette leveringsfristen automatisk med ein månad ved å søke på skatteetaten.no - skatteetaten.no/utsettelse.

Du kan også delegere tilgang til å sjå, endre eller levere skattemeldinga di til nokon andre du stolar på - skatteetaten.no/delegere.

Fylkestal

Tala viser foreløpig skatteberekning for 2019. Både skattepliktige og Skatteetaten kan endre tal i skattemeldinga før skatteoppgjeret. Opplysningar i skattemeldinga er basert på grunnlagsdata levert av tredjepartar og kan innehalde feil.

Tal for inntektsåret 2019 vert delt inn i fylker og kommunar for 2019.

  Foreløpig penger til gode Må foreløpig betale restskatt
Fylke Antall skatte-meldinger Beløp (kr) Antall Gj. snitt (kr) Beløp (kr) Antall Gj. snitt (kr)
Østfold 266 000 1 630 452 000 160 000 10 200 876 764 000 44 000 19 900
Akershus 548 000 4 091 205 000 314 000 13 000 3 153 665 000 103 000 30 600
Oslo 674 000 5 322 201 000 354 000 15 000 4 165 924 000 113 000 36 900
Hedmark 179 000 1 029 953 000 107 000 9 600 490 962 000 28 000 17 500
Oppland 171 000 1 021 706 000 102 000 10 000 436 035 000 26 000 16 800
Buskerud 252 000 1 679 853 000 149 000 11 300 1 107 337 000 43 000 25 800
Vestfold 222 000 1 494 193 000 135 000 11 100 931 775 000 37 000 25 200
Telemark 152 000 950 487 000 93 000 10 200 435 831 000 24 000 18 200
Aust-Agder 102 000 708 318 000 63 000 11 200 277 841 000 15 000 18 500
Vest-Agder 162 000 1 174 658 000 100 000 11 700 544 583 000 24 000 22 700
Rogaland 418 000 3 033 713 000 243 000 12 500 1 924 300 000 75 000 25 700
Hordaland 462 000 3 287 923 000 278 000 11 800 1 811 002 000 81 000 22 400
Sogn og Fjordane 99 000 651 887 000 59 000 11 000 290 134 000 15 000 19 300
Møre og Romsdal 236 000 1 693 986 000 146 000 11 600 818 887 000 38 000 21 500
Nordland 217 000 1 480 582 000 139 000 10 700 685 345 000 36 000 19 000
Troms 151 000 1 081 130 000 94 000 11 500 459 432 000 25 000 18 400
Finnmark 71 000 546 316 000 44 000 12 400 159 334 000 10 000 15 900
Svalbard 700            
Trøndelag 411 000 2 623 447 000 246 000 10 700 1 661 242 000 69 000 24 100
Sokkel utland 47 000 176 970 000 14 000 12 600 289 481 000 14 000 20 700
Pensjon utland 53 000            
               
Total 4 893 700 33 678 980 000 2 840 000 11 900 20 519 874 000 820 000 25 000

Her finn du kommunetala som viser foreløpig skatteberekning for 2019.(pdf)

Her finn du fylkestala som viser foreløpig skatteberekning for 2019.(pdf) 

Fakta om skattemeldinga:

  • Skattemeldinga inneheld ei foreløpig skatteberekning. 8 av 10 (2,8 millionar) ligg an til å få skatt til gode når skatteoppgjeret er klart, mens 2 av 10 (800.000) truleg må betale restskatt. For dei som fekk skatt til gode var snittbeløpet 11 900 kroner, mens snittbeløpet for dei som fekk restskatt var 25 000 kroner.
  • Beløpa på restskatt og skatt til gode er foreløpige. Det er først når du får skatteoppgjeret at du får endeleg berekning av skatten. I skatteoppgjeret er det tatt omsyn til eventuelle endringar og nye opplysningar du sjølv har lagt inn. Skatteoppgjeret er klart mellom april og oktober.
  • Nokon får ikkje foreløpig skatteberekning i skattemeldinga, som for eksempel dei som har fått skattemelding for næringsdrivande og deira ektefelle og andre med meir komplekse skatteforhold.
  • I den nye skattemeldinga blir foreløpig skatteberekning oppdatert med ein gong viss du legg til opplysningar om til dømes bil eller bustad, eller gjer andre endringar.
  • I fjor brukte 7 av 10 lønnstakarar og pensjonistar leveringsfritak. Det vil sei at dei ikkje gjorde endringer, men let den førehandsutfylte skattemeldinga bli levert automatisk ved leveringsfristen. Dei aller fleste som leverer skattemelding, leverer den elektronisk. Lever du på papir får du skatteoppgjeret tidlegast i august.
  • 4 millionar får skattemeldinga kun elektronisk. Desse får varsel på e-post når skattemeldinga er tilgjengeleg. 
  • Skatteetaten sender 695 000 skattemeldingar på papir. Det er 90 000 færre enn i fjor, og talet blir mindre år for år. Dei som mottar skattemeldinga på papir er dei 200 000 som har reservert seg mot å motta elektronisk kommunikasjon frå stat og kommune, og alle som vi ikkje har e-postadresse eller mobiltelefonnummer til. Dei sistnevnte får skattemeldinga både elektronisk og på papir. 
  • Skattemeldinga for 2019 er sendt ut på fleire språk og målformer.
    • Bokmål: ca. 4,3 millionar
    • Nynorsk: ca. 470 000
    • Samisk: ca. 200
    • Engelsk: ca. 175 000

Sjå skatteetaten.no/skattemelding og nyheitsrommet for informasjon, statistikk, bilete og presseeksemplar av skattemeldinga.

Kontakter

Bilder

No er er skattemeldinga sendt til alle –  8 av 10 ligg an til å få igjen på skatten
No er er skattemeldinga sendt til alle – 8 av 10 ligg an til å få igjen på skatten
Last ned bilde
Nå er skattemeldingen sendt til alle – 8 av 10 ligger an til å få skatt til gode
Nå er skattemeldingen sendt til alle – 8 av 10 ligger an til å få skatt til gode
Last ned bilde
–  Husk å sjekke at opplysningane i skattemeldinga stemmer og fyll ut det som manglar, slik at du betalar rett skatt, oppfordrar divisjonsdirektør i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal.
– Husk å sjekke at opplysningane i skattemeldinga stemmer og fyll ut det som manglar, slik at du betalar rett skatt, oppfordrar divisjonsdirektør i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal.
Last ned bilde
Mellom 18. og 31. mars har dei fleste lønnstakarar og pensjonistar fått ei heilt ny digital og enklare skattemelding.
Mellom 18. og 31. mars har dei fleste lønnstakarar og pensjonistar fått ei heilt ny digital og enklare skattemelding.
Last ned bilde

Lenker

Om Skatteetaten

Skatteetaten
Skatteetaten
Fredrik Selmers vei 4
0663 Oslo

800 80 000http://www.skatteetaten.no

I Skatteetaten jobber 6500 ansatte mot samme mål; å sikre finansieringen av velferdssamfunnet. Skatteetaten er underlagt Finansdepartementet, og har ansvaret for et oppdatert folkeregister og at skatter og avgifter blir fastsatt og innbetalt på riktig måte.

Følg saker fra Skatteetaten

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Skatteetaten på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Skatteetaten

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom