Statens vegvesen

Tre vil brøyta meir effektivt på riksvegane i Haugesund og omegn

Del

Tre entreprenørar er med i konkurransen om å drifta riksvegane i Haugesund og omegn. Mesta leverte det lavaste tilbodet.

Tandembrøyting er ein ny og meir effektiv type brøyting som delvis skal nyttast i driftskontrakt Haugesund. Foto: Statens vegvesen
Tandembrøyting er ein ny og meir effektiv type brøyting som delvis skal nyttast i driftskontrakt Haugesund. Foto: Statens vegvesen

Ved fristens utløp hadde fylgjande meldt si interesse for å drifta vegstrekningane på E39, riksveg 5 og riksveg 13 (alle tilboda er eksklusiv mva):

Tilbydar Tilbodssum (ekskl. mva):
Mesta 386.895.770,00
Risa AS 389.427.740,00
Presis veidrift 406.451.737,36

– Vi er godt nøgde med deltakinga i konkurransen. Det er store og seriøse aktørar som er interesserte i dette oppdraget. No skal vi kvalitetssikra og kontrollrekna på tilboda, og så tar vi sikte på at vi kan underteikna kontrakt med den nye entreprenøren snarast mogleg, seier prosjektleiar Rolf Anders Tønder Svensson i Statens vegvesen.

Kontrakt i åtte år

Oppstart av kontrakten er 1. september, og kontrakten gjeld i fem år, fram til hausten 2026. Viss partane er einige, er det mogleg å forlengja kontrakten med opptil tre år.

Denne nye, store driftskontrakten erstattar tre tidlegare kontraktar, og omfattar E134, E39 og riksveg 13.

Tandembrøyting

I tillegg til tradisjonelle driftsoppgåver vil entreprenøren i Haugesunds-området få ansvaret for å vidareføra tandembrøying i vinterdrifta på E34 og E39, noko Haugesunds-kontrakten var fyrst ute i landet med.

– Dette fungerer slik at to køyretøy brøyter saman. Dei legg seg etter kvarandre slik at dei dekker kvar sin ytterkant av køyrebanen. Takka vere dette gjer vi oss ferdige med brøytinga i ei køyreretning i éin operasjon, seier Svensson.

I kontraktsområdet er det totalt 516 kilometer riksveg og 92 kilometer gangveg, og i alt 70 tunnelar. Dette omfattar både høgfjellstunnelar og den undersjøiske Bømlafjordtunnelen.

Miljøkrav

Alle vegkontraktar Statens vegvesen lyser ut i år inneheld krav til miljøsertifisering og rapportering av CO2-utslepp. Slik kan vi registrera kva klimatiltak vi gjer, og saman med entreprenør evaluera og dokumentera kva som har effekt.

I denne kontrakten krev Statens vegvesen – for delar av bilparken – lavutslepps-køyretøy som tilfredsstiller dei strengaste nye krava. Målet er at utslepp frå Vegvesenet sine verksemder skal halverast innan 2030.

I vinterdrifta ynskjer vi å redusera saltmengda gjennom å bruka rett utstyr, og ved auka bruk av vérdata. Dette skal bidra til at vi brukar minst mogleg salt for å få best mogleg effekt.

Frå kyst til høgfjell

Entreprenøren får ansvar for eit variert område, med stor variasjon i både trafikk og geografi.

Strekninga frå Haugesund lufthavn og inn til E39 har den største trafikkmengda, med opptil 20 000 køyretøy i døgnet.Minst er det på riksveg 13 i høgfjellsområda, med ein døgntrafikk på 400–500 køyretøy.

Kontraktsområdet går frå kyst til høgfjell, der entreprenøren må vera førebudd på å handsama kolonnekøyring vinterstid. Vi set strenge krav til responstid, beredskap og vinterdriftsklasse.

Kommunane som er dekte av kontrakten er Karmøy, Haugesund, Tysvær, Bokn, Strand, Hjelmeland, Suldal, Sveio, Stord, Fitjar, Vindafjord, Etne og Ullensvang.

Det er i dei to sistnemnde at vi finn høgfjellstrekningar. Grensa for høgfjell går ved Vintertun på E134.

Nøkkelord

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Bilder

Tandembrøyting er ein ny og meir effektiv type brøyting som delvis skal nyttast i driftskontrakt Haugesund. Foto: Statens vegvesen
Tandembrøyting er ein ny og meir effektiv type brøyting som delvis skal nyttast i driftskontrakt Haugesund. Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg saker fra Statens vegvesen

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom