Tre nye prorektorar ved høgskulen
16.12.2021 13:21:05 CET | Universitetet i Innlandet | Pressemelding
Det er innan områda forsking og utvikling (FoU), utdanning og samfunnskontakt at åremåla som prorektorar vart lyste ledige i haust. Styret konkluderte om tilsettingane i sitt møte 16. desember.
– Det er tre godt kvalifiserte søkarar som får tilbod om stillingane. Dei har solid kompetanse innan sine område og vil gi viktige bidrag til høgskolen i åremålsperioden som vil løpe i fire år, seier rektor Peer Jacob Svenkerud.
Prorektor for FoU
Arild Hovland får tilbod om tilsetting i stillinga som prorektor for forsking og utvikling (FoU).
Hovland er 61 år, har doktorgrad i sosiologi og kjem frå stilling som førsteamanuensis ved Universitetet i Sør-Øst Norge (USN).
Han har lang erfaring som dekan frå USN og Høgskolen i Telemark, og har også jobba som forskingsleiar i NOVA og som senterleiar ved Universitet i Oslo (UiO).
Prorektor forsking og utvikling har overordna og strategisk ansvar for FoU ved høgskulen. Det inneber mellom anna ansvar for utvikling av forskingssatsingar på tvers av fag og fakultet. Prorektor leier høgskulen si forskingsavdeling.
Prorektor utdanning
Stine Grønvold får tilbod om eit nytt åremål som prorektor utdanning, ei stilling ho også innehar i dag.
Grønvold er 47 år og har mastergrad i statsvitskap.
Ho har tidlegare vore prorektor utdanning, prodekan utdanning og stabsleiar i Høgskolen i Hedmark, samt rektor ved Elverum ungdomsskule.
Prorektor utdanning har det overordna strategiske og administrative ansvaret for området utdanning, og skal mellom anna bidra til å sikre at høgskulen tilbyr relevante studiar med høg kvalitet. Prorektor leier høgskulen si utdanningsavdeling.
Prorektor samfunnskontakt
Ine Wigernæs får tilbod om stillinga som prorektor samfunnskontakt.
Wigernæs er 52 år, har doktorgrad (dr.scient) i idrettsfysiologi og kjem frå ei stilling som førsteamanuensis/fageingingsleiar ved NTNU Gjøvik.
Ho har tidlegare jobba som førsteamanuensis ved Høgskolen i Kristiania. Ho har vore folkehelsekoordinator i Valdreskommunane, styreleiar for Ridderrennet, rådgjevar forsking og kommunikasjon ved Beitostølen helsesportssenter og ekspertkommentator i NRK.
Prorektor samfunnskontakt har overordna strategiske ansvaret for eksterne samarbeidsrelasjonar, omdømmebygging og media-/samfunnskontakt. Prorektor leier Avdeling for kommunikasjon, samfunnskontakt og marknadsføring.
Leiarkabalen på plass
– Dette er høgskulen sine mest sentrale leiarstillingar. Dei tre vil utgjere rektoratet saman med meg, og vil vere tett involvert i den strategiske utviklinga av høgskulen, seier rektor Peer Jacob Svenkerud.
Dette var dei tre siste tilsettingane i stillingar i rektor si leiargruppe. I løpet av hausten er det óg tilsett dekanar ved fem fakultet.
Nøkkelord
Kontakter
Peer Jacob SvenkerudRektor
Tel:+47 62 43 04 06Tel:+47 915 54 368peer.svenkerud@inn.noOm Universitetet i Innlandet
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Innlandet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Innlandet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Innlandet
Fått ja til å utdanne jurister27.8.2026 11:46:20 CEST | Pressemelding
Universitetet i Innlandet har fått tilsagn om akkreditering av et femårig masterstudium i rettsvitenskap. Målet er å starte opp den nye profesjonsutdanningen for å bli fullverdig jurist så raskt som mulig.
Rekordmange får tilbud om studieplass23.7.2026 11:01:00 CEST | Pressemelding
8210 søkere har nå fått tilbud om studieplass ved Universitetet i Innlandet (INN). Det er drøyt 700 flere enn i fjor, og 175 flere enn i rekordåret 2020.
Tilbys stilling som dekan25.6.2026 12:18:24 CEST | Pressemelding
Karianne Eide-Longva får tilbud om stillingen som dekan ved Fakultet for anvendt økologi, landbruksfag og bioteknologi (ALB) ved Universitetet i Innlandet (INN).
Barnehagelærerstudenter får tilbud om deltidsjobb4.6.2026 10:38:05 CEST | Pressemelding
Universitetet i Innlandet vil fra høsten av teste ut en pilot som gir første- og andreårsstudenter på bachelor i barnehagelærerutdanning – campus, muligheten til å kombinere studiet med betalt deltidsjobb i barnehage.
Rekordmange har søkt seg til INN23.4.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
17.351 fremtidige studenter har Universitetet i Innlandet som førstevalg. Det viser søkertallene fra vårt lokale opptak og Samordna opptak.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
