Fiskebåt

Tre kvinner i Fiskebåt-styret

Del
Etter årsmøtet til Fiskebåt er det no tre kvinner i styret til organisasjonen. – Dette viser at vi er på rett veg, men vi har framleis ein veg å gå i forhold til likestilling, seier adm.dir. i Fiskebåt, Audun Maråk.

Fiskebåt har dei siste åra hatt to kvinner i styret. Dagleg leiar i Strand Fiskeriselskap, Solveig Strand, som nestleiar, og Kristin Remøy, dagleg leiar i Remøy Havfiske, som første vara og fast møtande i styret. No får dei også med seg dagleg leiar i Strand Havfiske, Janne Grethe Strand Aasnæs. I desember i fjor blei ho valt til styreleiar i regionlaget, Fiskebåt Vest, og representerer regionlaget i hovudstyret.

- Alle er valt inn i styret i kraft av sin kompetanse og ikkje fordi dei er kvinner. Samtidig er det kjekt at vi har godt kvalifiserte kvinner å velge mellom, når årsmøtet skal velge personar til våre styrande organ, seier Maråk.

Han viser til at det også blir stadig fleire kvinner om bord i båtane både som fiskarar, men også enkelte som offiserar. I tillegg engasjerer stadig fleire kvinner seg i drifta av fiskefartøya. Det ville vore nyttig for den framtidige rekrutteringa av kvinner i fiskerinæringa, at også kvinner som jobbar med drifta av reiarlaga blei likestilt med aktive fiskarar om bord i fartøya, seier Maråk.

Les også;
Ny leiar i Fiskebåt Vest
Kvinner som stortrivst i fiskaryrket
Kraftfullt initiativ mot trakassering
Fiskeriministeren med likestillingsoppmoding til flåten

Kontakter

Bilder

Om Fiskebåt

Fiskebåt
Fiskebåt
Røysegata 15
6003 Ålesund

70 10 14 60http://www.fiskebat.no

Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, jobber for en miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte, som leverer sunn mat fra bærekraftige bestander i verdens reneste havområder. 

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye