Avinor

Trafikktal januar: Positiv auke i flytrafikken, men framleis under normalen

Del
3 198 152 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i januar. Dette var ein aukepå 70 prosent samanlikna med januar 2022. Sjølv om det var ein auke i passasjertala samanlikna med januar 2022, er tala 16 prosent lågare enn i januar i 2019.*
Foto: Avinor
Foto: Avinor

– Flytrafikken i januar har vore i tråd med prognosane våre frå i haust. Nivået på flytrafikken frå desember held fram inn i januar. Det er venta at også resten av året vil ligge under 2019-nivå, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.

– Første kvartal i 2022 var prega av Omikron, som forklare kvifor trafikken i januar i år er mykje større enn han var i januar i fjor. Sjølv om utviklinga har vore stabil den siste tida, ber luftfarten framleis preg av krevjande verdsøkonomi og geopolitikk. Det er særskilt talet på utanlandsreisande som er med på å dra det totale trafikktalet for januar ned. Sjølv om utanlands-trafikken generelt er lågare, er det nokre marknader som utmerker seg positivt. I Tromsø er talet på utanlandspassasjerar tilbake på nivået frå 2019. Dette er grunna høg interesse for nordlys og arktiske opplevingar ute i verda, avsluttar Riise

Flyrørsler

Det var 53 143 kommersielle flyrørsler i januar 2023. Dette er ein auke på 18 prosent frå januar 2022. Om ein samanliknar med januar 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på 12 prosent.

Trafikken utanlands

1 138 624 passasjerar har reist mellom Avinor sine lufthamner og utlandet i januar. Same månad i fjor reiste 568 687 passasjerar til utlandet. Det betyr at trafikken utanlands er dobla samanlikna med i fjor, da luftfarten framleis var råka av pandemi og reiserestriksjonar.

Om ein samanliknar med 2019, er nedgangen i utanlandstrafikken på 20 prosent.

Trafikken innanlands

2 017 790 reiste innanlands i januar i år. Det er 59 prosent fleire enn i januar i fjor.

Samanlikna med januar 2019 har det vore ein nedgang på 14 prosent.

*Kvifor samanlikne med 2019?

2020 og 2021 vart hardt råka av reiseforbod, restriksjonar og sjukdom. 2019 var det siste året utan pandemi og krig i Ukraina, og var eit «normalår» kva gjeld reising.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Definisjonar i talgrunnlaget

Tur-retur reise

Dei fleste flyreiser er tur-retur reiser, uavhengig av om ein reiser med direktefly eller om ein byter fly ein eller fleire gonger. Ved teljing av tur-retur-reiser tar ein ikkje omsyn til eventuelle flybyte eller kor mange lufthamner ein har vore innom på reisa.

Terminalpassasjerar

Denne måten å telje på er lik ved alle lufthamner. Terminalpassasjerar er talet på passasjerar til og frå ein lufthamn. Alle passasjerar tel med, uavhengig av om dei går på flyet (frå landsida) på lufthamna eller om dei kjem med fly frå ein anna lufthamn. Om ein passasjer kjem med fly og reiser vidare med fly, teljast han to gonger ved denne lufthamna. Passasjerar som kjem med fly til lufthamna, men ikkje går inn på lufthamna, altså sit i flyet og er i transit, reknast ikkje som terminalpassasjerar.

Se alle trafikktal frå Avinor her. 

 

Kontakter

PressetelefonKun til bruk for journalister.

Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.

Tel:+47 918 15 614presse@avinor.no

Bilder

Foto: Avinor
Foto: Avinor
Last ned bilde

Dokumenter

Om Avinor

Avinor
Avinor
Dronning Eufemias gate 6
0191 Oslo

+47 67 03 00 00https://avinor.no

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 3.000 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og salg på flyplassene.

- Avinors offentlige journal

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom