Torsk som et pellets har same kvalitet som annan villfisk
10.1.2022 09:52:58 CET | Nofima | Pressemelding

Med ujamne mellomrom kan ein lese kjensleladde innlegg der fritids- og næringsfiskarar reagerer på at det veltar pellets ut av magesekken på fisken dei sløyer. Det både ser og luktar uappetittleg, og mange meiner denne fisken ikkje er eigna som mat.
Men veit vi eigentleg at denne dietten går ut over fiskefileten?
Lite kjennskap til problemstillinga
Som del av eit forskingsprosjekt som skaffar kunnskap om korleis marine næringar kan leve godt saman, gjorde forskarane først ei undersøking blant nordmenn generelt for å sjekke kva dei tenker om såkalla «pelletssei» – altså sei som et fôr utanfor oppdrettsanlegg.
Dei fleste kjente ikkje til dette. Berre menn over 60 år frå Nord-Norge hadde meiningar om saka – kanskje fordi det er nettopp dei som har opplevd å få pelletssei. I ei ny spørjeundersøking sa nordnorske fiskarar at dei meiner det særleg er lukt, tekstur og utsjånad på fisken som vert påverka av ein pelletsdiett.
Alt vel med filetkvaliteten
For å vurdere kvaliteten, fôra forskarane ei lita gruppe villfanga torsk med pellets i fem veker før slakting. Deretter vurderte dei fisken med ein modifisert kvalitetsindeksmetode (QIM), der hovudfokuset var på lukt, tekstur og utsjånad.
– Vi klarte ikkje å finne mange signifikante skilnadar mellom villfisk som hadde ete pellets og annan villfisk, seier postdoktor Ragnhild Aven Svalheim.
– Fisken hadde same tekstur, lukt og utsjånad som annan fisk, men filetspaltinga var ulik. Villfanga fisk fôra med sild og reker hadde meir spalting enn dei som hadde fått pellets, men dei som hadde fått pellets hadde meir spalting enn villfisk.
Skilnaden mellom gruppene var avhengig av kor mykje mat det var i mage-tarm-systemet til fiskane. Resultata tyda på at det ikkje er kva, men kor mykje fisken et som er avgjerande for kvaliteten.
Nøkkelord
Kontakter
Ragnhild Aven SvalheimForsker
Forsker på fiskeribiologi og fysiologi hos fisk.
Lidunn Mosaker BogeKommunikasjonsleder Sjømat
Tel:+47 480 68 202lidunn.boge@nofima.noBilder

Om Nofima
Nofima er et ledende næringsrettet forskningsinstitutt som driver forskning og utvikling for akvakulturnæringen, fiskerinæringen og matindustrien.
Vi leverer internasjonalt anerkjent forskning og løsninger som gir næringslivet konkurransefortrinn langs hele verdikjeden.
Nofima AS har hovedkontor i Tromsø, og forskningsvirksomhet i Bergen, Stavanger, Sunndalsøra, Tromsø og på Ås.
Instituttet ble etablert 1. januar 2008 og har om lag 390 ansatte
Følg pressemeldinger fra Nofima
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nofima på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nofima
Klare råd for å få ungdom til å velge sjømat20.4.2026 14:45:45 CEST | Pressemelding
Prioriter pris! Få bort fiskebein og vond lukt. Og få influensere på banen!
Har du nok mat i beredskapslageret?16.4.2026 06:30:00 CEST | Pressemelding
Lurer du på hvor mye du skal handle til beredskapslageret? Her får du Nofima-forskernes råd om hvilken mat, og hvor mye mat som er lurt å ha dersom en krise oppstår.
Fish residuals may hold the key to male fertility13.4.2026 08:44:21 CEST | Press release
Nofima scientists are developing fertility supplements for men made from salmon heads.
Lite kunnskap om hva laksen spiser9.4.2026 11:01:27 CEST | Pressemelding
Visste du at om lag 70 prosent av fôret til oppdrettslaks består av planter? Hvis ikke, er du i godt, internasjonalt selskap.
Slik skal de øke fertiliteten hos europeiske menn30.3.2026 05:00:00 CEST | Pressemelding
Nofima-forskere er i gang med å utvikle fertilitetspiller til menn laget av laksehoder.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
