Tolletaten

Tolletaten arrangerer Tolldagen 2022: Internasjonal handel i ei kriseprega verd 

Del

På Tolldagen 2022 samlar vi mange flinke fagfolk frå heile bransjen og set fokus på viktige utfordringar både for næringslivet og Tolletaten. Du får siste nytt av det som treff den internasjonale varehandelen i ei kriseprega verd.

Tolldagen 2022 vert arrangert i Oslo Kongressenter den 24. november. Sjølv om salplassane er fullbooka, kan du kan framleis melde deg på direktesendinga.

Målgruppa for denne heildagskonferansen er verksemder som jobbar med import og eksport av varer.

Vi har mange spennande foredragshaldarar som finansministert Trygve Slagsvold Vedum, hovudlærar Geir Hågen Karlsen ved Forsvarets høgskule, avdelingsdirektør Elisabeth Longva frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, tolldirektør Øystein Børmer, avdelingsdirektør Juliana Baffoe i Utanriksdepartementet, sjef for Økokrim Pål K. Lønset, sjefsøkonom Øystein Dørum i NHO og divisjonsdirektør Jan Erik Ressem i Tolletaten.

Tolldagen er eit viktig møtepunkt for Tolletaten og næringa. Tollbehandling og samarbeidet vi har med næringslivet er viktigare enn nokon gong. Situasjonen rundt oss stiller store krav til oss alle, seier tolldirektør Øystein Børmer.

I pausane kan du snakka med tolldirektør Øystein Børmer og våre samarbeidspartnarar frå Miljødirektoratet og Mattilsynet.

Les meir om programmet og foredraga her: https://www.toll.no/no/bedrift/tolldagen/

Presse og media er velkomne til å delta, kontakt: 

For intervjuavtalar, kontakt: tore.skar@toll.no + 47 906 13 091  

For annan informasjon, kontakt: linda.stangervag-helligsoe@toll.no +47 917 03 553  

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om Tolletaten

Tolletaten
Tolletaten
Postboks 2103 Vika
0125 Oslo

http://www.toll.no

Tolletaten er ein etat under Finansdepartementet. Vi er organisert i seks divisjonar. Det var 1529 tilsette i etaten per 31. desember 2019. Øystein Børmer er tolldirektør.

Følg pressemeldinger fra Tolletaten

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Tolletaten på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Tolletaten

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom