Tilsyn med skredsikrings- og skredvernstiltak i fire driftskontraktar i Region vest
Vegtilsynet undersøkte om tre vegkontor og fire driftskontraktar i Region vest etterlever krav til oppfølging av skredsikrings- og skredvernstiltak på riksvegane. Saka er ein av fleire som tek føre seg skredsikring og skredvern rundt om i landet.
Dei undersøkte vegkontora og driftskontraktane var:
Vegseksjon Voss og Hardanger, driftskontrakt 1206 Voss (2014–2019)
Vegseksjon Fjordane, driftskontrakt 1404 Ytre Sunnfjord (2013–2018) og
1405 Indre Sunnfjord (2015–2020)
Vegseksjon Haugesund, driftskontrakt 1105 Indre Ryfylke (2015–2020)
Tilsynssaka viste at ingen av driftskontraktane kan dokumentere at dei inspiserer og driftar skredsikrings- og skredvernstiltaka i tråd med krav. Dette kan medføre at funksjonen ikkje vert oppretthalde over tid, og at sikringstiltaka ikkje verkar som føresett. Dette kan medføre fare for trafikantane.
Vegtilsynet fann at Vegseksjon Voss og Hardanger:
- manglar inspeksjonsplanar for 43 av 81 (53 prosent) av skredsikringsobjekta i driftkontrakt Voss;
- ikkje oppdaterer objektlistene undervegs i kontraktsperioden. Planen sikrar difor ikkje at alle objekt vert inspisert;
- ikkje har gjennomført enkel inspeksjon i samsvar med inspeksjonsplan for skredsikrings- og skredverntiltak i 2015;
- ikkje kan dokumentere å ha gjennomført enkel inspeksjon i samsvar med inspeksjonsplan for 20 av 38 (52 prosent) av skredsikringsobjekta i 2016 og 2017;
- ikkje kan dokumentere at skredsikringsobjekta i driftskontrakt Voss har funksjon i tråd med krava i Handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger.
Vegtilsynet fann at Vegseksjon Fjordane:
- ikkje kan dokumentere å ha gjennomført enkel inspeksjon i tråd med inspeksjonsplanen for 4 av 30 (13 prosent) av skredsikringsobjekta i driftskontrakt Ytre Sunnfjord;
- ikkje kan dokumentere å ha gjennomført enkel inspeksjon i tråd med inspeksjonsplanen for 14 av 51 (27 prosent) av skredsikringsobjekta i Indre Sunnfjord;
- ikkje kan dokumentere at skredsikringsobjekta i driftskontrakt Ytre Sunnfjord og Indre Sunnfjord har funksjon i tråd med krava i Handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger.
Vegtilsynet fann at Vegseksjon Haugesund:
- manglar inspeksjonsplanar for 70 av 111 (63 prosent) av skredsikringsobjekta i driftkontrakt Indre Ryfylke;
- ikkje oppdaterer objektlistene undervegs i kontraktsperioden. Planane sikrar difor ikkje at alle objekt vert inspisert;
- ikkje kan dokumentere å ha gjennomført enkel inspeksjon i samsvar med inspeksjonsplanen for skredsikrings- og skredverntiltak i 2016 og 2017;
- ikkje har utført enkel inspeksjon i samsvar med inspeksjonsplanen for 40 av 41 skredsikringsobjekt i 2018.
- ikkje kan dokumentere at skredsikringsobjekta i driftskontrakt Ytre Sunnfjord og Indre Sunnfjord har funksjon i tråd med krava i Handbok R610 Standard for drift og vedlikehold av riksveger.
Nøkkelord
Kontakter
Stefan KarlstrømTilsynsleder
Tel:97552504stefan.karlstrom@vegtilsynet.comTrude Tronerud AndersenDirektør
Tel:95339512trude.andersen@vegtilsynet.comBilder
Dokumenter
Om Vegtilsynet
Følg pressemeldinger fra Vegtilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Vegtilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Vegtilsynet
Vegtilsynet markerte 10 års jubileum10.11.2022 11:00:00 CET | Pressemelding
Vegtilsynet ble etablert i 2012 på Voss, for å føre tilsyn med sikkerheten på riks- og europaveger. Den 20. september ble 10 års jubileet markert med blant annet samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og ordfører på Voss, Hans-Erik Ringkjøb.
Inspeksjon av berg og bergsikring i tunneler21.12.2021 09:26:46 CET | Pressemelding
Statens vegvesen har ikkje gjennomført hovudinspeksjonar av berg og bergsikring i tunnelar i vest, sjølv om det er krav om at denne inspeksjonstypen skal gjennomførast.
Trude Tronerud Andersen slutter som direktør i Vegtilsynet28.10.2020 13:38:27 CET | Pressemelding
Trude Tronerud Andersen slutter som direktør i Vegtilsynet, og går over i ny stilling i privat sektor. Vegard Hansen vil være fungerende direktør fra 18.november og frem til ny direktør er tilsatt.
Tilsyn med Nye Veier sitt system for drift6.7.2020 10:50:00 CEST | Pressemelding
Nye Veier har i hovudsak eit tilstrekkeleg system for å sikre drift av vegnettet.
Manglende oversikt over tilstand på ventilasjonsanlegg i tunneler24.6.2020 07:21:40 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen etterlever ikke i tilstrekkelig grad krav til drift og vedlikehold av ventilasjonsanlegg, mener Vegtilsynet i ny tilsynssak.