Vegtilsynet

Tilsyn med Nye Veier sitt system for drift

Del

Nye Veier har i hovudsak eit tilstrekkeleg system for å sikre drift av vegnettet.

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Målet med tilsynet har vore å undersøke om tilsynspart har eit tilstrekkeleg system for å sikre drift av vegnettet.

Nye Veier AS (Nye Veier) har sett trafikk på sine første vegstrekningar, og vil i åra framover ferdigstille fleire deler av riksvegnettet som skal driftast. Vi ønskte difor å undersøke om Nye Veier har fått på plass dei elementa i styringssystemet som er mest kritiske for å oppretthalde sikker veginfrastruktur.  

Samla sett viste tilsynssaka at Nye Veier sitt styringssystem for drift av veg i all hovudsak er tilstrekkeleg.

Vegtilsynet fann 3 avvik som vil verte følgt opp med Nye Veier. I tillegg er det gjort 1 observasjon.

  • Nye Veier har ikkje tilstrekkeleg oversikt over relevante eksterne krav knytt til prosessen «Drift av vei».
  • Det går ikkje fram av prosessen «Drift av vei» kven som skal undersøke årsakene til dei ulike typane avvik som kan oppstå knytt til drift av vegnettet, når det skal gjerast eller korleis det skal gjerast.
  • Nye Veier har ikkje eit system for å evaluerer at tiltak for forbetring har effekt.
  • Kontrollplanane for prosessen «Drift av veg» er ikkje dokumentert i styringssystemet.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto
Last ned bilde

Lenker

Om Vegtilsynet

Vegtilsynet
Vegtilsynet
Uttrågata 38
5700 Voss

http://www.vegtilsynet.com

Vegtilsynet fører først og fremst tilsyn med at Statens vegvesen og Nye veier AS har, og bruker, tilstrekkelege og effektive styringssystem for å ta i vare sikkerheten på riksvegnettet. Styringssystem omfatter system for planlegging, utbygging, drift, vedlikehold, beredskap og annen forvaltning av veginfrastrukturen. Vegtilsynet er bygd opp som eit risikobasert systemtilsyn, og er lokalisert på Voss.

Følg saker fra Vegtilsynet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Vegtilsynet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Vegtilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom