Tilskot til rapporteringsutstyr for fiskeflåten under 15 meter
12.5.2022 10:45:00 CEST | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding

- Eg foreslår eit tilskot på 7 000 kroner per fartøy. Det vil dekke om lag halve rekninga for å få utstyret på plass. Svært mange av dei små fartøya har låg omsetnad. For desse vert kostnaden til nytt utstyr stor, og då vil tilskotet kome godt med , seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
Ordninga vil i 2022 gjelde fartøy mellom 10 og 15 meter, og har eit anslege omfang på 15 mill. kroner i dette året. Fartøy under 10 meter vert omfatta i 2023. Ordninga blir i hovudsak finansiert med midlar frå fiskerikontrollavgifta og vil bli administrert av Garantikassen for fiskere.
Endeleg avklaring i saka om sporing og rapportering frå den minste flåten
Nærings- og fiskeridepartementet har no konkludert i saka om nye krav til sporing og fangstrapportering frå fiskeflåten under 15 meter, som var på høyring tidlegare i år.
I høyringa ble det foreslått å gi fartøy med særleg låg omsetnad fritak frå kravet om full fangstrapportering (ERS). Denne løysninga blei ikkje godt motteke. Både Noregs Fiskarlag, Fiskeridirektoratet og utstyrsleverandørar peika på at ei slik grense ville bli vanskeleg å administrere.
Det er med bakgrunn i høyringssvara at departementet no i staden foreslår ei tilskotsordning i samband med forslaget til revidert nasjonalbudsjett. Ordninga reduserer kostnaden ved å få på plass naudsynt utstyr.
Departementet har videre fastsett at flåten under 15 meter kun skal registrere og rapportere fangst ein gong om dagen.
- Etter å ha vurdert saka grundig meiner eg rapporteringa med denne innretninga ikkje utgjer ei urimeleg belastning sett opp mot verdien av fiskeriforvaltninga og fiskarane sjølve. Men det er viktig for meg at fiskarane på små båter ikkje skal trenge å registrere fangsten meir enn ein gong per tur, seier fiskeri- og havministeren.
Det er i praksis små skilnader mellom krava i den gamle kystfiskeappen og ERS-krava.
- Leverandørane har utvikla svært gode løysingar som er tilpassa små fiskebåtar og gjer det svært enkelte å rapportere. I tillegg får fiskarane tilbod om andre nyttige tenester, etter kva for leverandør dei vel, held Skjæran fram. Alt i alt er dette ei mykje betre løysing enn at vi skal halde fram med med to ulike digitale system, seier Skjæran.
Departementet har samstundes vedteke at krava trer i kraft 1. januar 2023 for flåtegruppa mellom 10 og 11 meter, så gruppa er klar med sporing og rapportering frå starten av neste vintersesong.
Kontakter
Pressevakt NFD
902 51 303 (ikkje SMS)
Bilder

Om Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementetKongens Gate 8
0032 Oslo
Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd
Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Fiskeri- og havministeren inviterer til innspillsmøte om fremtidens havbruksregulering27.3.2026 13:11:02 CET | Pressemelding
Som oppfølging av havbruksmeldingen inviterer fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss til innspillsmøte 19. mai 2026 kl. 09-12.
Regjeringen foreslår endringer i lov om tilskudd til sysselsetting av arbeidstakere til sjøs27.3.2026 11:45:00 CET | Pressemelding
Lovendringene er nødvendige for å få godkjent ordningen av EFTAs overvåkingsorgan ESA for en ny periode fra 2027.
Signerte avtale om norsk deltakelse i EUs Secure Connectivity-program26.3.2026 09:12:45 CET | Pressemelding
Norge og EU styrker samarbeidet om sikker satellittkommunikasjon med signering av Secure Connectivity-avtalen. Nå bindes Norge tettere til europeisk romsamarbeid.
Lavere markedsavgift for pelagisk og konvensjonell sjømat24.3.2026 09:48:34 CET | Pressemelding
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss har besluttet å senke markedsavgiften for pelagiske arter og konvensjonelle produkter. Målet er å lette situasjonen for næringen i en krevende tid.
Næringsminister Cecilie Myrseth til Brussel 25.-26. mars21.3.2026 08:00:07 CET | Presseinvitasjon
Næringsminister Cecilie Myrseth reiser til Brussel for å undertegne Secure Connectivity avtalen med EU.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom