Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Tilrår nye konsesjonsvilkår for Holsvassdraget

Del
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Hafslund E-CO Vannkraft AS nye konsesjonsvilkår for reguleringa av Holsvassdraget i Hol og Ål kommunar, Viken fylke.

På bakgrunn av krav frå Hol og Ål kommunar har NVE handsama revisjon av konsesjonsvilkåra for Holsvassdraget.

NVE rår til at det blir gjeve moderne konsesjonsvilkår for reguleringa av vassdraga, som gir moglegheit til å pålegge avbøtande tiltak. NVE tilrår og at vilkåra for Hovsfjorden og Holsfjorden blir omgjort.

NVE rår til slipp av minstevassføring frå Strandavatn, Hovsfjorden og Holsfjorden til Storåne. NVE tilrår og slipp av minstevassføring i Juvåne og i Votna.

NVE tilrår ikkje magasinrestriksjonar i nokon av magasina, da fordelane for fisk, vassmiljø, friluftsliv og landskap ikkje veg opp for dei negative konsekvensane for flaumhandteringa, kraftsystemet og kostnadane dette ville ha ført med seg.

Les meir om vilkårsrevisjonen for Holsvassdraget m.v.

Kontakter

Rune Flatby, avdelingsdirektør, tlf. 416 78 203
Eirik Bjørkhaug, fungerende seksjonssjef, tlf. 952 20 133

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye