Tilrår løyve til kraftforsyning til Troll og Oseberg frå Kollsnes

Kraftforsyning frå land vil medverke til å få ned utslepp av CO2 og NOX frå produksjonen på norsk sokkel. NVE tilrår at det vert sett vilkår om at kraftforsyninga kan koplast ut når det er naudsynt av omsyn til forsyningstryggleiken i Bergens-regionen, seier avdelingsdirektør i NVE, Rune Flatby.
NVE legg til grunn at det er ei politisk målsetting om å få ned utsleppa av CO2 og NOX frå norsk olje- og gassproduksjon. Kraft frå land til Troll- og Oseberg-felta i Nordsjøen vil bidra til vesentleg reduksjon i dei nasjonale utsleppa gjennom å erstatte kraftproduksjon frå gassturbinar på plattformene.
Kan kopla ut forbruket ved anstrengde nettsituasjonar
Det er i dag ikkje kapasitet i nettet i Bergens-regionen til å tilknytte mykje nytt forbruk. NVE meiner difor at konsesjonar til kraftforsyning frå Kollsnes til Troll- og Oseberg-felta med dagens nett berre kan gjevast på vilkår om at forbruket til plattformene kan kopla ut i anstrengde nettsituasjonar, som feil eller vedlikehald. Dette er naudsynt for å ta omsyn til forsyningstryggleiken til eksisterande kraftforbrukarar i regionen og gjere det mogleg å vedlikehalde og oppgradere kraftnettet.
Omsyn til fiskeri, skipsfart og marint liv
NVE tilrår at vert gjeve konsesjon til ein ny transformatorstasjon på Kollsnes og kablar på land og i sjø frå den nye stasjon ut til olje- og gassfelta i Nordsjøen. For tilknyting av anlegga til kraftnettet på land, tilrår vi at Equinor får konsesjon til ein kabel til Statnett transformatorstasjon på Kollsnes og til eitt nytt felt i eksisterande stasjon. Samla treng plattformene ein effekt på 221 MW frå land og bruke om lag 1,77 TWh kraft årleg. Equinor skriv i søknadane at dei samla investeringskostnadene vil vere om lag 8,7 milliardar kroner.
Etter NVE si vurdering vil verknadane av anlegga vere små for miljø, samfunn og private interesser på land og i sjø, under føresetnad av at det vert stilt vilkår om å ta omsyn til fiskeri, skipsfart og marint liv under planlegging av kabellegging og i anleggsarbeidet. NVE tilrår dessutan at det vert stilt krav om at Equinor skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan som NVE skal godkjenne før anleggsstart.
NVE si innstilling vert sendt til Olje- og energidepartementet for vidare handsaming.
Les NVE si innstilling med grunngjeving for Troll B og C her.
Kontakter
Avdelingsdirektør Rune Flatby,
telefon: 416 78 203
e-post: rfl@nve.no
Bilder

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gjev avslag til å bygge Døvik 2 kraftverk12.9.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE avslår søknaden frå Hydronor AS om løyve til å bygge Døvik 2 kraftverk i Strand kommune i Rogaland fylke. Kraftverket ville ført til arealbeslag og store terrenginngrep i ei kystmyr og i den utvalde og sterkt trua naturtypen kystlynghei.
Nå blir det enklere å få oversikt over nettselskapenes langsiktige planer for nettutbygging3.9.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Mer detaljert informasjon om nettselskapenes langsiktige planer for nettutbygging i PlanNett, skal gjøre det lettere for berørte aktører å få oversikt – også aktører som tidligere var involvert i kvalitetssikring av utredningene. Ved å synliggjøre hva NVE trenger av informasjon, er håpet at det skal bli enklere for nettselskapene å lage gode utredninger, som igjen bidrar til mer effektiv konsesjonsbehandling.
NVE avviser melding for Lappland kraftverk29.8.2025 12:51:12 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har avvist meldingen om Lappland kraftverk på grunn av manglende framdrift fra tiltakshaver. NVE har over flere år gitt tiltakshaver veiledning om innhold og formkrav til meldingen. Siden en oppdatert og oversatt melding ikke ble levert innen fristen, har NVE konkludert med at vilkårene for videre behandling ikke er oppfylt.
Statnett og Glitre Nett får konsesjon til nye Eiker transformatorstasjon27.8.2025 11:18:11 CEST | Pressemelding
NVE gir Statnett og Glitre Nett tillatelse til å bygge nye Eiker transformatorstasjon i Buskerud. Den skal erstatte Flesaker transformatorstasjon i Øvre Eiker kommune. Den nye transformatorstasjonen vil øke kapasiteten i kraftnettet i området.
Ny flaumsikring vernar bustadfelt mot flaum frå elva Driva22.8.2025 08:56:50 CEST | Pressemelding
NVE har ferdigstilt bygginga av ein ny flaumvoll ved Furu bustadfelt i Sunndal kommune. Tiltaket vernar 40 bustader, tre industribygg og mange uthus og garasjar mot flaum frå elva Driva.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom